English version of this page

Masterstipend Telemarksforskning

Skal du skrive ei masteroppgåve som er fagleg relevant for oss? Da kan du søke på Telemarksforsking sitt masterstipend.

Bildet kan inneholde: Tekst, Logo, Linje, Font.

Foto: Telemarksforskning

Telemarksforsking deler ut masterstipend på 15.000 kr til studentar som skriv oppgåver innanfor våre fem fagområde: grønn omstillinghelse, utdanning og velferdkommunal og regional utviklingkommunal økonomi og styring og kulturliv og kulturpolitikk.

Mange studieretningar er interessante for oss da vi er eit tverrfagleg forskningsinstiutt. Døme på studieretningar våre forskarar har er: samfunnsøkonomi, statsvitenskap, kulturvitenskap, sosiologi, organisasjonsvitenskap, sosialantropologi, spesialpedagogikk, kulturhistorie, samfunnsgeografi, samfunnsutvikling- og planlegging.

Søknadsfrist er 15. juni for stipend i haustsemesteret og 15. desember for vårsemesteret. Vi deler ut eitt stipend til kvar søknadsfrist.

Du får

  • 15.000 kr i stipend
  • sparring med ein forskar frå Telemarksforsking (tidsavgrensa)
  • moglegheiter for å knytte deg opp til pågåande forskingsprosjekt ved Telemarksforsking dersom det er relevant og praktisk mogleg. Dette blir i så fall tilpassa kvar enkelt student og prosjektsituasjonen ved Telemarksforsking.

Du bidrar med

  • munnleg presentasjon av masteroppgåva for Telemarksforsking etter at du har bestått oppgåva

Søknadsprosess

Send ei kort omtale (maks 3 sider) av masterprosjektet på epost til kristine.p.miland@tmforsk.no. Du skriv i tillegg nokre setningar om kvifor du meiner temaet ditt er fagleg relevant for oss.

Søknadene blir vurdert av faggruppeleiarane etter følgjande kriterier og vekting:

  • Generell prosjektkvalitet (70 %)
  • Relevans for fagområda til Telemarksforsking (30 %)

Telemarkforsking har tre faggrupper som forskar på ulike tema. Sjå meir info om fagområda våre på heimesida.

Telemarksforsking held til i Bø i Telemark, og er eit nasjonalt samfunnsvitskapleg forskingsinstitutt. Vi ønskjer søkarar frå heile Noreg.

 

Emneord: Development Environment and Cultural Change, Historie, Modern International and Transnational History, Asia and Middle East Studies, Gender Studies
Publisert 18. feb. 2022 11:59 - Sist endret 18. feb. 2022 11:59