Nasjonalbiblioteket: Norske mellomalderballadar

Balladeprosjektet på Nasjonalbiblioteket tek sikte på å publisere vitskaplege kjeldeutgåver av både tekstar og melodiar til norske mellomalderballadar. Balladane eignar seg godt til både kultur-, språk-, litteratur- eller musikkhistoriske studie.

Foto: Nasjonalbiblioteket.

Prosjektbeskrivelse

Ein mellomalderballade er ei episk vise av eit slag som kom på moten i store deler av Europa i mellomalderen. Sjangeren var også produktiv i dei påfølgjande hundreåra. Balladane er dei eldste folkevisene me har, og norske mellomalderballadar er ein del av ein nordisk balladesjanger, men parallellar til dei Britiske øyane og Nord-Europa.

Balladane levde først og fremst i munnleg tradisjon, men tekstane vart også spreidde gjennom skillingstrykk og trykte og handskrivne bøker. I Noreg kom innsamlingsarbeidet først i gang rundt 1800, men mesteparten vart skrive ned frå 1840 og framover, heilt til vår eiga tid. Frå tidleg på 1900-talet har vi også lydopptak.

Opp mot 1500 melodioppskrifter og rundt 5000 tekstvariantar av til saman 252 typar av mellomalderballadar er i dag registrerte. Stoffet er stort og mangfaldig, men likevel avgrensa. Mykje av dette materialet ligg i Nasjonalbiblioteket, og mykje er tilgjengeleg digitalt hjå dei tre andre store eigarane, Universitetet i Oslo, Telemark museum og Universitetet i Bergen. Balladeprosjektet på Nasjonalbiblioteket tek sikte på å publisere vitskaplege kjeldeutgåver av både tekstar og melodiar til norske mellomalderballadar. Tekstane vert publiserte digitalt på bokselskap.no, og melodiane vert publiserte i eit firebindsverk i samarbeid med Norsk Folkeminnelag og Spartacus forlag.

Problemstillingar

Balladane eignar seg godt til både kultur-, språk-, litteratur- eller musikkhistoriske studie. Stoffet har ei stor brukargruppe som femnar om alt frå utøvarar, forskarar, slektsforskarar og lokalhistorikar. Éin måte å nærme seg materialet på, kunne dermed vore å sjå på kva balladane faktisk gir av kulturhistorisk informasjon og korleis dei ulike brukargruppene nyttar dette.

Nokre samlarar skreiv ned balladar etter den same kjelda fleire gonger, over tid, og ein songar kunne bli brukt som kjelde av fleire ulike samlarar. Ut frå dette materialet kan ein studere variasjon hjå einskilde songarar, i ulike situasjonar og over tid, men ein kan også gjere vitskapshistoriske studie med å sjå på ulike strategiar for innsamling hjå ulike samlar, i ulike vitskapstradisjonar.

Ein del av balladane vart lærde etter skrivne kjelder: skillingstrykk og handskrivne eller trykte bøker. Her er det mogeleg å gjere bibliografiske studie. Det kan også vera interessant å sjå om skrivne kjelder har påverka den munnlege tradisjonen. Sidan balladar frå alle andre nordiske land er publisert vitskapleg, kunne ein også sett på tilhøvet mellom både tekstar og melodiar til dei norske balladane, og dei nordiske, tilsvarande variantane.

Balladane vart gjerne traderte innanfor familien, slik at ein har oppskrifter etter både foreldre og born og etter fleire søsken. Slik kan ein studere kva som skjedde med tekst og/eller melodi i den munnlege tradisjonen. Korleis endrar balladen seg, berre over to eller tre generasjonar, eller innan éin generasjon? Kan ein trekkja noko generelt om munnleg overlevering ut frå dette?

Kva kan Nasjonalbiblioteket tilby?

Nasjonalbiblioteket vil gjere materiale tilgjengeleg for studentar som ønskjer å skrive sine mastergradsoppgåver om emnet på vår spesiallesesal. Det er mogeleg å få fast plass på lesesalen med eige skap. Det sit forskingsbibliotekarar  og arbeider med vitskapleg publisering av materialet, som kan vere tilgjengelege for spørsmål og rettleiing.

Nasjonalbiblioteket kan også komme med forslag til andre måtar å nærme seg stoffet på.

Emneord: Musikkvitenskap, Viking and Medieval Norse Studies, Viking and Medieval Studies
Publisert 24. juni 2015 11:12 - Sist endret 23. aug. 2017 12:15