print logo

Fristar - søkje plass på undervisninga og melde deg til eksamen

Fristane gjeld for deg som alt er teke opp til studium på UiO. Kva fristar som gjeld for deg avheng av kva du studerer.

NB! Vårens fristar for å søkje plass på undervisning og melde seg  opp til eksamen har gått ut. (Fristen var 1. februar)

Fristar for å søkje plass på undervisning hausten 2015

  • Du søkjer plass på undervisninga, får svar og melder deg til eksamen i Studentweb.
  • Fristane gjeld midnatt den aktuelle datoen.

Nye studentar på bachelorprogram og årseiningar

13.08.    Frist for å søkje plass på undervisninga og samstundes bli prioritert i opptaket til undervisninga. Vi råder deg til å gå på infomøtet på programmet ditt før du registrerer deg i Studentweb. Svaret blir publisert seinast 17. august.
Merk at mange bachelorstudentar på MN er førehandsplasserte på undervisninga i obligatoriske emne.
18.08. Kl. 9 Start for å søkje på emne med ledige plassar - om du ikkje fekk plass på ønska emne i første runde. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet.
01.09. Siste frist for å søkje på emne med ledige plassar, registrere deg og betale semesteravgifta.

Programstudentar som skal ta bacheloremne ved TF, JUS, HF, SV, UV og MED

02.06. Start for å søkje plass på undervisninga.
11.06. Frist for å søkje plass på undervisninga og samstundes bli prioritert i opptaket til undervisninga. Svaret blir publisert seinast 16. juni.
17.06. Start andre runde for å søkje plass på undervisninga og framleis bli prioritert i opptaket til undervisninga.
13.08. Frist for å søkje plass på undervisninga. Svaret blir publisert seinast 17. august.
18.08. Kl. 9 Start for å søkje på emne med ledige plassar - om du ikkje fekk plass på ønska emne i første runde. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet.
01.09.    Siste frist for å søkje på emne med ledige plassar, registrere deg og betale semesteravgifta.

Programstudentar og enkeltemnestudentar som skal ta emne ved MN

02.06. Start for å søkje plass på undervisninga.
Merk at mange bachelorstudentar på MN er førehandsplasserte på undervisning i obligatoriske emne.
13.08. Frist for å søkje plass på undervisninga. Svaret blir publisert seinast 17. august.
18.08. Start for å søkje på emne med ledige plassar. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet.
01.09. Siste frist for å søkje på emne med ledige plassar, registrere deg og betale semesteravgifta.

Studentar på masterstudiet i rettsvitenskap

02.06. Start for å søkje plass på undervisninga for noveranda studentar
11.06. Frist for å søkje plass på undervisninga for noveranda studentar. Svar blir publisert seinast 17. juni.
04.08. Start for å søkje plass på undervisninga for nye studentar, og andre runde for noverande studentar.
12.08. Frist for å søkje plass på undervisninga. Svaret blir publisert seinast 18. august.
01.09. Frist for å melde deg til eksamen, registrere deg og betale semesteravgifta

Studentar på masterprogram

Fristane for å søkje plass på undervisninga varierer mellom studieprogramma og fakulteta. Kontakt studieprogrammet eller fakultetets studieinformasjonssenter.

01.09. Frist for å melde deg til eksamen, registrere deg og betale semesteravgifta.

Studentar på profesjonsstudiet i psykologi

Du blir administrativt plassert på dei fleste emna, både på undervisning og til eksamen. Du får e-post med meir informasjon.

01.09. Frist for å registrere deg og betale semesteravgifta.

 

Enkeltemnestudentar

inkl. nye enkeltemnestudentar ved MN

18.08. Kl. 9 Bacheloremne med ledige plassar opnar også for enkeltemnestudentar. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet.
01.09. Frist for å søkje på emne med ledige plasser, registrere deg og betale semesteravgifta.

 

Forkortingar
TF = Det teologiske fakultet
JUS = Det juridiske fakultet
HF = Det humanistiske fakultet
SV = Det samfunnsvitskapelege fakultet
UV = Det utdanningsvitskapelege fakultet
MN = Det matematisk-naturvitskapelege fakultet
MED = Det medisinske fakultet

Publisert 2. feb. 2015 10:04 - Sist endra 3. feb. 2015 15:19