English version of this page

Fusk

Du skal setje deg inn i reglane som gjeld for hjelpemiddel ved eksamen og for kjeldebruk og sitering. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk eller forsøk på fusk.

Kva vert rekna som fusk?

Når du skriv akademiske tekstar, skal du vise fram kva tanker og refleksjonar som er dine eigne og kva du har lånt frå andre sine arbeid. Dette gjer at lesaren kan slå opp kjeldene du har brukt, kontrollere fakta og etterprøve resultata dine.

Du kan bli mistenkt for fusk eller forsøk på fusk dersom du:

  • lèt vere å gi opplysningar om kjelder eller gir opp fiktive kjelder
  • lèt vere å gi opplysningar om gjenbruk av eige tidlegare arbeid
  • gir inntrykk av at eksamenssvaret er meir sjølvstendig enn det faktisk er
  • har tilgang til eller brukar hjelpemiddel som ikkje er tillatne
  • samarbeider med andre på måtar som ikkje er tillatne
  • leverer det same eksamenssvaret ved fleire eksamenar utan at det er tillate
  • har urettmessig tilgang til eksamensmaterialet utanom eksamen

Fusk ved oppgåveinnleveringar

Ved alle typar oppgåveinnleveringar skal du oppgi kjelder og markere sitat på riktig måte. Det er rekna som fusk å ikkje oppgi kjelder eller markere sitat på riktig måte.

UiO brukar Ouriginal for å avdekkje avskrift i oppgåveinnleveringar. Ouriginal samanliknar eksamenssvar med internett, tekstdatabasar og andre oppgåveinnleveringar.

Eksempel

Ved oppgåveskriving og andre eksamenar utan tilsyn kan mistanke om fusk eller forsøk på fusk for eksempel oppstå dersom:

  • eksamenssvaret ikkje er utført av studenten sjølv.
  • eksamenssvaret er utført i samarbeid med andre utan at dette er oppgitt.
  • eksamenssvaret tidlegare har blitt levert inn til ein annan eksamen ved UiO eller ved ein annan lærestad.
  • eksamenssvaret gjengir andre sitt arbeid (for eksempel faglitteratur, artikler eller nettsider) utan å oppgi kilde.
  • eksamenssvaret gjengir studenten sitt eige arbeid utan å oppgi kjelde.
  • litteraturlista ikkje inneheld alle kjeldene og referansane som er brukt i eksamenssvaret.

Mistanke om fusk eller forsøk på fusk kan også oppstå på grunn av forhold utanfor sjølve eksamenssituasjonen, for eksempel dersom:

  • studenten skaffar seg tilgang til eksamensoppgåvene før eksamen.
  • studenten prøver  å endre eksamenssvaret sitt etter at det er levert.
  • studenten hjelper andre studentar med å fuske.

Fusk ved skuleeksamenar

Ved skuleeksamen er det rekna som fusk å bruke hjelpemiddel, med mindre det går fram av eksamensoppgåva at dette er tillate. Det kan også reknast som fusk å ha tilgang til ulovlege hjelpemiddel sjølv om dei ikkje blir brukte.

All kommunikasjon mellom kandidatar i eksamenslokalet er forbode. Det er heller ikkje tillate å ta kontakt med andre kandidatar eller andre personar under toalettbesøk eller lufteturar. Mobiltelefonar og anna elektronisk utstyr skal vere slått av og pakka vekk.

Eksempel

Ved skuleeksamen og andre eksamenar med tilsyn kan mistanke om fusk eller forsøk på fusk for eksempel oppstå dersom:

  • studenten har ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under eksamen, også dersom dei ikkje blir brukt.
  • studenten har ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg på område utanfor sjølve eksamenslokalet, for eksempel på toalettet.
  • studenten pratar eller kommuniserer med andre om eksamensoppgåvene under eksamen eller i eventuelle pausar.
  • studenten sender ein annan person for å ta eksamen i staden for seg.

Mistanke om fusk eller forsøk på fusk kan også oppstå på grunn av forhold utanfor sjølve eksamenssituasjonen, for eksempel dersom:

  • studenten skaffar seg tilgang til eksamensoppgåvene før eksamen.
  • studenten prøver  å endre eksamenssvaret sitt etter at det er levert.
  • studenten hjelper andre studentar med å fuske.

Fusk ved obligatoriske aktivitetar

Obligatoriske aktivitetar er også omfatta av reglane om fusk eller forsøk på fusk. Kva som vert rekna som fusk på obligatoriske aktivitetar vil i stor grad samsvare med det som vert rekna som fusk på oppgåveinnleveringar og skuleeksamenar.

Konsekvensar av fusk

Ved fusk eller forsøk på fusk kan konsekvensane bli annullering av eksamen, utestenging frå UiO og tap av retten til å gå opp til eksamen ved andre universitet og høgskular i Noreg i inntil eitt år.

Saksbehandling ved mistanke om fusk

UiO har rutinar for saksgang ved mistanke om fusk eller forsøk på fusk. Rutinane gir også informasjon om rettane til studentar som blir mistenkte for fusk eller forsøk på fusk.

Klagenemnda ved UiO gjer vedtak i saker om mistanke om fusk eller forsøk på fusk og avgjer kva sanksjonar som skal setjast i verk. Vedtaket i Klagenemnda kan ankast til ei nasjonal klagenemnd.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 10. des. 2010 10:15 - Sist endret 6. jan. 2022 15:57