English version of this page

Kandidatinstruks ved digital skuleeksamen

Skal du ha skuleeksamen på papir? Les kandidatinstruksen for skriftleg skuleeksamen på papir i staden. Sjå også informasjon om forbod mot armbandsur ved eksamen.

1. Før eksamen

  • Hugs å finne fram gyldig legitimasjon med bilete (studentkort, pass, førarkort eller bankkort).
  • Yttertøy, sekkar, vesker og liknande skal setjast på tilvist stad. Mobiltelefonar, smartklokker og anna elektronisk utstyr skal vere avslegne og pakka ned, og skal ikkje oppbevarast i yttertøy eller lommer. Armbandsur o.l. skal også vere pakka ned, og skal ikkje oppbevarast i yttertøy eller lommer.
  • Kontakt ei eksamensvakt/IT-vakt med ein gong dersom du har problem med å logge inn.
  • Inspera: Logg inn med brukarnamn og passord på datamaskina og i det digitale eksamenssystemet.
  • Questionmark Perception (QP): Logg inn med brukarnamn og passord frå innloggingsarket som ligg på bordet ved eksamensstart.

2. Under eksamen

  • Ved eksamensstart skal berre legitimasjon, skrivesaker, tillatne hjelpemiddel og mat/drikke liggje på pulten.
  • Overinspektøren kjem rundt med kandidatlister med kandidatnummer. Du skal signere på kandidatlista og vise gyldig legitimasjon.
  • Du kan ikkje forlate plassen din utan å kontakte ei eksamensvakt først. Dersom du ønskjer å ta pause, rekkjer du opp handa og ventar til ei av eksamensvaktene kjem.
  • All kommunikasjon mellom kandidatar, eventuelt andre du treff under pausar, er forbode.
  • Brot på retningslinene kan bli sett på som fusk eller forsøk på fusk. Dette kan føre til annullering av eksamen og utestenging frå UiO og andre norske universitet og høgskular i opp til eitt år.

3. Trekk frå eksamen

  • Du kan trekkje deg frå eksamen tidlegast 30 minutt etter eksamensstart, og først etter at legitimasjonen din er sjekka. Kontakt overinspektøren og signér for at du trekkjer deg. Eksamenssvaret skal ikkje leverast. Trekk under eksamen blir rekna som eit eksamensforsøk.

4. Sjukdom under eksamen

  • Dersom du blir sjuk under eksamen og ikkje er i stand til å fullføre, kan du trekkje deg frå eksamen. Kontakt overinspektøren og signér for at du trekkjer deg. Eksamenssvaret skal ikkje leverast.
  • Dersom sjukdomsavbrotet skal kunne registrerast som gyldig fråver, må du oppsøkje lege så snart du har forlate eksamenslokalet. Legeattesten må vere utferda på eksamensdagen og oppgje om sjukdomen oppstod under eksamen. Legeattest, eventuelt saman med søknad om utsett eksamen, skal sendast eller leverast til fakultetet som er ansvarleg for eksamenen innan vanlege fristar. Godkjent gyldig forfall til eksamen blir ikkje rekna som eit eksamensforsøk.

5. Når du er ferdig

  • Inspera: Du leverer eksamenssvaret ditt i Inspera når du er ferdig. Kontakt ei eksamensvakt når du er ferdig, slik at eksamensvakta ser at du har levert på dataskjermen din. Etter at eksamensvakta har sett at du har levert, skal du logge av datamaskina.
  • Questionmark Perception (QP): Du leverer oppgåver fortløpande. Kontakt ei eksamensvakt når du er ferdig, slik at du får løyve til å forlate lokalet. Hugs å logge heilt av datamaskina.

Lukke til!

 

Publisert 7. nov. 2017 13:32 - Sist endra 2. juli 2018 12:28