English version of this page

Karaktersystemet før 2003

UiO endra karaktersystem i 2003. Her finn du eit oversyn over det tidlegare karaktersystemet.

I perioden 1997 til 2003 var karaktersystemet fastsett i forskrift om avleggelse og gjennomføring av eksamener og prøver ved Universitetet i Oslo av 11. februar 1997, med heimel i lov av 12. mai 1995 nr. 22 om universiteter og høgskoler §§ 5 og 50.

Før 1997 var karaktersystemet fastsett i regelverket for kvart fakultet.

Gradert talkarakterskala

Den graderte talkarakterskalaen hadde karakterverdiar frå 1.0 til 6.0 med trinn på 0,1. 1.0 var beste karakter og 4.0 var dårlegaste ståkarakter. Karaktertrinna 4.1 - 6.0 vart brukte som hjelpestorleikar i sensurarbeidet og vart normalt ikkje oppgjevne.

Den graderte talkarakterskalaen kunne bli brukt utan tilleggsnemningar og med tilleggsnemningar på latin eller engelsk.

Tilleggsnemningar på latin:

  • 1.0 - 1.5  Laudabilis prae ceteris
  • 1.6 - 2.5  Laudabilis
  • 2.6 - 3.2  Haud illaudabilis
  • 3.3 - 4.0  Non contemnendus
  • 4.1 - 6.0  Immaturus

Tilleggsnemningar på engelsk:

  • 1.0 - 1.5  Excellent
  • 1.6 - 2.5  Very Good
  • 2.6 - 3.2  Good
  • 3.3 - 4.0  Not recommendable but pass
  • 4.1 - 6.0  Fail

Gradert bokstavkarakterskala

Den graderte bokstavkarakterskalaen hadde karakterverdiar A, B, C og D for bestått og "Fail" for ikke bestått. A var beste karakter og D var dårlegaste ståkarakter.

Ugraderte karakterskalaer

  • Bestått / Ikke bestått
  • Pass / Fail
  • Godkjent / Ikke godkjent
  • Bestått med laud / Bestått / Ikke bestått

Graderte karakterskalaer brukt ved Det juridiske fakultet

For eksamenar etter studieordninga av 1984 vart følgjande karakterskala nytta,:

  • 2.00 - 2.15  Laudabilis
  • 2.16 - 2.35  Står til laudabilis
  • 2.36 - 2.55  Kan få laudabilis
  • 2.56 - 2.75  Kan vel få laudabilis
  • 2.76 - 2.95  Haud illaudabilis
  • 2.96 - 3.15  Står til haud illaudabilis

Studenter som fekk dårlegare karakter enn står til haud illaudabilis, hadde ikkje bestått. For dei vart det ikkje sett nokon talverdi.

For eksamenar i profesjonsdelen vart følgjande karakterskala nytta:

  • Laudabilis - tre ulike karakterer
  • Haud illaudabilis - to ulike karakterer
  • Ikke bestått

Det vart ikkje gjeve hovudkarakter.

Gradert karakterskala brukt ved Det medisinske og Det odontologiske fakultet

For kvar eksamen vart det gjeve ein karakter uttrykt i heile tal frå 12 til 6. Studentar som fekk dårlegare resultat enn 6, hadde ikkje bestått eksamen. For dei vart det ikkje sett nokon talverdi. 

Avdelings- og hovudkarakter vart oppgjevne på følgjande måte:

  • 11.00 - 12.00  Laudabilis cum litteris commendatitiis
  • 9.00 - 10.99    Laudabilis
  • 7.00 - 8.99     Haud illaudabilis
  • 6.00 - 6.99     Non contemnendus
Fakultetet sjølv gav reglar for utrekning av hovudkarakter, avdelingskarakter og karakterar i fag der karakteren var samansett. 
Publisert 30. okt. 2014 07:29 - Sist endret 3. mai 2017 15:34