Sjuk på eksamen / utsett eksamen for profesjonsstudiet i medisin

Det gjeld eigne reglar om sjukdom på eksamen og utsett eksamen for profesjonsstudiet i medisin. 

Tidspunkt for utsett og ny eksamen

For medisinstudiet vert det halde utsett eksamen etter kvar ordinære eksamen for studentar med gyldig forfall. 

For medisinstudiet vert det halde ny eksamen etter kvar ordinære eksamen for studentar som ikkje har bestått ordinær eksamen. Studentar som ikkje består eksamen i siste semester av medisinstudiet, får likevel ikkje tilgang til ny eksamen før ved neste ordinære eksamen.

Kva er gyldig forfall?

Det vert rekna som gyldig forfall dersom:

  • Studenten vert sjuk før eksamen startar (må dokumenterast med legeattest)
  • Studenten vert sjuk under eksamen (studenten må ta kontakt med lege med ei gong for å få gyldig legeattest)
  • Andre særskilte tilfelle, til dømes dødsfall i nær familie.

Hvor skal søknaden sendes?

Legeattesten må leverast eller vere poststempla seinast tre dagar etter eksamen, og vere datert med den aktuelle eksamensdatoen ved ein eller fleire eksamensdagar.

Legeattestar skal sendast til: Det medisinske fakultet, Studieseksjonen, Postboks 1078 Blindern, 0316 Oslo eller leveres på Sogn Arena, Klaus Torgårds vei 3, Det medisinske fakultet, 2.etg. i resepsjonen.

Utsett eksamen viss du får barn

  • Ein student som er gravid, har rett til utsett eksamen viss eksamensdato er i perioden mellom tre veker før termin og seks veker etter fødsel.
  • Far/medmor har rett til utsett eksamen viss eksamensdato er i perioden to veker etter fødsel.

Korleis søkje

Dersom du ikkje har bestått ordinær eksamen, vert du meldt opp til ny eksamen av ansvarleg studiekonsulent i Studieseksjonen. Det same gjeld for dei som skal ta utsett eksamen.

Kontakt

 

 
Publisert 3. mai 2016 12:02 - Sist endret 4. juli 2017 11:21