English version of this page

Utsett eksamen

Studentar med gyldig forfall på ordinær eksamen kan få utsett eksamen eller utsett innleveringsfrist. 

Kva er utsett eksamen?

Utsett eksamen er ein eksamen som vert arrangert for deg som er sjuk eller har annan gyldig grunn for fråvær på ordinær eksamen.

Ved heimeeksamen og innleveringar kan du i mange tilfelle få utsett innleveringsfrist i staden for utsett eksamen.

Utsett eksamen vert vanlegvis halden innan utgangen av same semester eller i forkant av undervisningsstart i neste semester. For emne som har eksamen kvart semester, kan studentar med gyldig fråvær bli viste til neste ordinære eksamen.

Korleis søke om utsett eksamen?

Fyll ut det same nettskjemaet som for eigenmelding ved fråvær frå eksamen:

Fristen for å søke om utsett eksamen er ei veke etter eksamen. Utsett innleveringsfrist må du søke om før eksamenen er ferdig.

Utsett eksamen våren 2020

Det er grunn til å tru at situasjonen med koronavirus og Covid-19-pandemi vil påverke eksamensavviklinga vårsemesteret 2020.

UiO må ta høgde for at fleire studentar enn vanleg ikkje får avlagt ordinær eksamen til oppsett tid. Mange emne vil óg kunne få endra eksamensform, både ved ordinær og utsett eksamen. Dersom dette gjeld for deg, får du melding frå fakultetet ditt.

UiO vil ikkje alltid klare å halde utsett eksamen på vanleg måte. Fakulteta gjer det dei kan for å finne gode løysingar for studentar som treng å ta utsett eksamen.

Forkunnskapskrav til emne hausten 2020

Dersom du manglar forkunnskapskrav til emne i haustsemesteret 2020 på grunn av forhold relatert til koronavirus­, kan fakultetet gi dispensasjon frå forkunnskaps­krava. Du kan bli pålagd å gjennomføre forkunnskaps­krava innan ei viss tid for å kunne halde fram i studiet. 

Spørsmål?

Kontakt infosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 16. mars 2020 10:12 - Sist endret 27. mars 2020 11:39