Denne emnegruppen er nedlagt

40-gruppe – Franskspråkleg områdekunnskap (40OMR-FRA)

Om emnegruppen

VIKTIG INFORMASJON
Denne emnegruppen vil bli nedlagt og kan bare bli tatt av studenter med opptak til og med høsten 2009. Ønsker du en 40-gruppe i fransk språk og kultur se: 40FRA

Emnegruppa kan inngå i ein bachelorgrad på EAS-programmet, studieretning Frankrike (modell 2 og 3). Den kan og inngå i fleire andre bachelorprogram.

Studiet i fransk områdekunnskap har grovt sett ei tosidig orientering. Hovudvekta er lagt på historie, der pensumlitteraturen som blir brukt, byggjer på moderne historisk teori og metode. Men studiet har òg ei samfunnsorientering, der pensumlitteraturen byggjer på statsvitskapleg, sosiologisk og eventuelt andre metodar og teoriar. All pensumlitteratur er franskspråkleg. All undervisning blir halden på fransk, alle kvalifiserings- og mappeoppgåver skal skrivast på fransk, og alle munnlege og skriftlege eksamenar blir haldne på fransk.


Læringsutbyte
Studentane skal etter å ha fullført studiet ha fått ei brei oversikt over moderne og nyare fransk historie (frå 1600-talet og fram til i dag) og dei grunnleggjande strukturane i fransk samfunnsliv (administrasjon, institusjonar, politisk system osv.). Dessutan skal studentane ut frå eige val ha fått skaffa seg djupare innsikt i viktige periodar, sakskompleks eller hendingar i fransk historie eller sider ved det franske samfunnet. Studentane skal gjennom pensumlitteraturen og undervisninga ha lært å bruke sin kritiske sans og sjå ting frå fleire sider.


Oppbygging og gjennomføring
Emnegruppa har ein klar progresjon, der studentane går frå det generelle og grunnleggjande, (1000-nivå) til fordjupingsemna på 2000-nivå. Dei to emna i fransk kulturkunnskap på 1000-nivå er obligatoriske, i tillegg vel studentane 20 studiepoeng frå ei liste emne i i fransk kulturkunnskap på 2000-nivå.


Utanlandsopphald
Det er mogeleg å ta FRA2170C – Fransk språkbruk (i Caen) (nedlagt) som vert gitt ved det norske studiesenteret (OFNEC) i Caen, som eit valfritt emne.

Emner i emnegruppen

Obligatoriske emne:

20 sp skal veljast blant følgjande emne:

Annet