Dette emnet er nedlagt

Om eksamensavvikling hausten 2015

Kjære masterstudentar,

de er såpass mange som skal ta eksamen i HIS4110 i haust at me vil måtte ta i bruk begge eksamensdagar, både 3. og 4. desember, for å arrangere alle prøveførelesingane. På førstkomande fredag vil ein tidsplan over begge eksamensdagane bli publisert her i beskjedfeltet på semestersida. De vil få ein e-post når planen er publisert.

Eksamensoppgåvene til dei av dykk som skal opp til eksamen 3. desember vil bli publisert måndag rundt kl. 09:00 her i beskjedfeltet. Dei av dykk som skal opp til eksamen 4. desember vil finne oppgåvene dykkar same stad tysdag rundt kl. 09:00.

Me tilrår at de les godt gjennom Retningslinjer for prøveforelesning som ein del av førebuinga. De vil finne eksamensoppgåver frå tidlegare semester i beskjedfelta på tidlegare semestersider, dømesvis her.

Beste helsing,
Nina Maria Rud
studieadministrasjonen, IAKH
Historie

Publisert 25. nov. 2015 17:42 - Sist endret 25. nov. 2015 17:42