Semesterside for ARA1010 - Høst 2020

I ARA1010 er det klasseromsundervising og for å unngå smitte er det viktig at studentar og tilsette følger desse reglane:

  • Studentar og tilsette må oppretthalda avstandsreglar både ved inngang og utgang frå seminarrom og auditorier, samt inne i rommet.
  • Vask hendene ofte og hald deg heime viss du er sjuk eller har symptom.
  • Desinfiseringsserviettar eller antibac skal vera tilgjengeleg i undervisingsrommet. Studentar og tilsette må sjølve tørka over eigen arbeidsplass før undervisinga startar.

Kravet om obligatorisk oppmøte i ARA1010 er endra til sterkt anbefalt grunna Covid-19. Viss du er vekke frå undervisinga grunna sjukdom, treng du derfor ikkje senda inn eigenmeldingsskjema.

3. sep. 2020 17:16

Grunna stor pågang av studentar og smittevernsomsyn er timeplanen for seminarundervisinga i ARA1010 oppdatert med nye undervisingsrom. Merk at kva undervisingsrom ein skal vera i, kan variera frå veke til veke. 

21. aug. 2020 13:04

Det er dessverre ikkje mogleg å endra seminargruppe i ARA1010. Gruppa du har fått tildelt, er seminargruppa du skal delta på.

Når du søkte på ARA1010 i Studentweb, fekk du moglegheit til å rangera kva seminargruppe du helst ville på. Utifrå denne rangeringa har systemet tilordna seminargrupper til studentane på ARA1010. Likevel er det slik at ikkje alle fekk førstevalet sitt, ettersom eit fleirtal ønska syrisk seminargruppe.

18. aug. 2020 13:56