Beskjeder

Publisert 3. sep. 2020 17:16

I ARA1010 er det klasseromsundervising og for å unngå smitte er det viktig at studentar og tilsette følger desse reglane:

  • Studentar og tilsette må oppretthalda avstandsreglar både ved inngang og utgang frå seminarrom og auditorier, samt inne i rommet.
  • Vask hendene ofte og hald deg heime viss du er sjuk eller har symptom.
  • Desinfiseringsserviettar eller antibac skal vera tilgjengeleg i undervisingsrommet. Studentar og tilsette må sjølve tørka over eigen arbeidsplass før undervisinga startar.

Kravet om obligatorisk oppmøte i ARA1010 er endra til sterkt anbefalt grunna Covid-19. Viss du er vekke frå undervisinga grunna sjukdom, treng du derfor ikkje senda inn eigenmeldingsskjema.

Publisert 21. aug. 2020 13:04

Grunna stor pågang av studentar og smittevernsomsyn er timeplanen for seminarundervisinga i ARA1010 oppdatert med nye undervisingsrom. Merk at kva undervisingsrom ein skal vera i, kan variera frå veke til veke. 

Publisert 18. aug. 2020 13:56

Det er dessverre ikkje mogleg å endra seminargruppe i ARA1010. Gruppa du har fått tildelt, er seminargruppa du skal delta på.

Når du søkte på ARA1010 i Studentweb, fekk du moglegheit til å rangera kva seminargruppe du helst ville på. Utifrå denne rangeringa har systemet tilordna seminargrupper til studentane på ARA1010. Likevel er det slik at ikkje alle fekk førstevalet sitt, ettersom eit fleirtal ønska syrisk seminargruppe.

Publisert 13. aug. 2020 15:16

Grammatikkførelesingane og språklab vil vera digitale via Zoom. Seminarundervisinga har fysisk oppmøte. Timeplanen er no oppdatert med rett informasjon.

I digital undervising vil det ikkje bli registrert fråvær, men hugs at førelesingane eigentleg er obligatoriske og det er derfor sterkt anbefalt at du følger undervisinga via Zoom.

Du får tilgang til undervisingsrommet i Zoom via Canvas-rommet for ARA1010.

Publisert 13. aug. 2020 11:45

Grammatikkførelesingane i veke 34 er vanlegvis obligatorisk aktivitet, men grunna digital undervising vil det ikkje bli ført fråvær.

Det er likevel sterkt anbefalt at du deltek i dei digitale grammatikkførelesingane. Grammatikkførelesingane i veke 34 dannar grunnlaget for resten av språkundervisinga og vil vera relevant for eksamen.

Det blir ikkje gjort opptak av grammatikkførelesingane. 

Du får tilgang til undervisingsrommet i Zoom via Canvas-rommet for ARA1010.