Beskjeder

Publisert 5. des. 2016 23:02

Hei,

Eg har laga ei fonologioppgåve om hankjønnssubstantiv i Oslo-mål; sjå i Arkiv i fronter. Denne kjem eg til å gå gjennom både onsdag og torsdag.

Helsing Rolf

Publisert 26. nov. 2016 17:45

Timeplanen (http://www.uio.no/studier/emner/hf/iln/LING1111/h16/timeplan/index.html) for resten av semesteret er endra:

Onsdag 30/11: Ikkje undervisning

Torsdag 1/12: Fonologi, kap. 7

Onsdag 7/12, 10:15–12:00, ES Aud. 6: Praktiske øvingar i fonologi

Torsdag 8/12, 10:15–12:00, ES Aud. 6: Praktiske øvingar i fonologi

23 studentar har svart på Doodle-rundspørjinga. Det viste seg at ingen tidspunkt for praktiske øvingar passa for alle, men alle kunne onsdag 7/12 eller torsdag 8/12, begge delar kl. 10:15–12:00. 

Helsing Rolf

Publisert 15. nov. 2016 16:54

Hei!

Dei to førstkomande torsdagane, 17. og 24. november, skal eg gå gjennom kapittel 6, Doing an analysis, i fonologiboka. Denne typen analyse, generativ fonologisk analyse, kan de vere heilt sikre på å få til eksamen - som eg har nemnt mange gonger. Difor rår eg dykk til å studere kapittel 6 nøye, og eg rår dykk alle til å møte opp i desse timane. All erfaring viser at fonologisk analyse, ikkje minst generativ fonologisk analyse, er svært vanskeleg å gjennomføre til skriftleg eksamen utan tidlegare trening.

Sist bad eg dykk om å sjå på oppgåva frå språket karok i (49) på s. 135-136 i fonologiboka før vi møtest att. Prøv å løyse oppgåva på eiga hand. Eg begynner med å gjennomgå denne oppgåva torsdag 17. november. Det er lurt å jobbe med oppgåva og finne ut om det er noko ein ikkje forstår.

Eg kjem til å gå gjennom analysane i kapittel 6 med tavle og kritt, ikkj...

Publisert 11. okt. 2016 17:07

Kjære studentar på LING1111 hausten 2016!

Torsdag 13. oktober tek vi ein ekstratime frå klokka 14.15 til 15.00 i det same undervisningsrommet som dei to ordinære timane, dvs. GS Undervisningsrom 1.

I denne ekstratimen skal vi sjå på bølgjeformer og sonagram. Fleire har gitt uttrykk for at dei synest dette er vanskeleg, og då kan det vere greitt å snakke litt meir om det.

Med venleg helsing frå Rolf

Publisert 28. sep. 2016 08:34

Den obligatoriske kvalifiseringsoppgåva blir lagd ut på fronter (under Meldinger på LING1111) litt etter klokka 14.00 torsdag 29. september 2016. Svaret skal sendast til meg, <rolf.theil@iln.uio.no> innan klokka 12.00 torsdag 27. oktober 2016.

Med venleg helsing, Rolf

Publisert 2. sep. 2016 09:09

Nyttig nettside

Undersøk denne nettsida ved UCLA (University of California, Los Angeles) Phonetics Lab: http://www.phonetics.ucla.edu/index.html

Der finn du mykje som er relevant for dette kurset, mellom anna opptak av mange slags språklydar. (Alle opptaka er ikkje like gode. Norsk blir uttala med litt for sterk amerikansk aksent.)

 

Nyttig app

app for iPhone: iPA phonetics

Her finn du opptak med video av veldig mange språklydar.