Semesterside for LING1111 - Høst 2016

Hei,

Eg har laga ei fonologioppgåve om hankjønnssubstantiv i Oslo-mål; sjå i Arkiv i fronter. Denne kjem eg til å gå gjennom både onsdag og torsdag.

Helsing Rolf

5. des. 2016 23:02

Timeplanen (http://www.uio.no/studier/emner/hf/iln/LING1111/h16/timeplan/index.html) for resten av semesteret er endra:

Onsdag 30/11: Ikkje undervisning

Torsdag 1/12: Fonologi, kap. 7

Onsdag 7/12, 10:15–12:00, ES Aud. 6: Praktiske øvingar i fonologi

Torsdag 8/12, 10:15–12:00, ES Aud. 6: Praktiske øvingar i fonologi

23 studentar har svart på Doodle-rundspørjinga. Det viste seg at ingen tidspunkt for praktiske øvingar passa for alle, men alle kunne onsdag 7/12 eller torsdag 8/12, begge delar kl. 10:15–12:00. 

Helsing Rolf

26. nov. 2016 17:45

Hei!

Dei to førstkomande torsdagane, 17. og 24. november, skal eg gå gjennom kapittel 6, Doing an analysis, i fonologiboka. Denne typen analyse, generativ fonologisk analyse, kan de vere heilt sikre på å få til eksamen - som eg har nemnt mange gonger. Difor rår eg dykk til å studere kapittel 6 nøye, og eg rår dykk alle til å møte opp i desse timane. All erfaring viser at fonologisk analyse, ikkje minst generativ fonologisk analyse, er svært vanskeleg å gjennomføre til skriftleg eksamen utan tidlegare trening.

Sist bad eg dykk om å sjå på oppgåva frå språket karok i (49) på s. 135-136 i fonologiboka før vi møtest att. Prøv å løyse oppgåva på eiga hand. Eg begynner med å gjennomgå denne oppgåva torsdag 17. november. Det er lurt å jobbe med oppgåva og finne ut om det er noko ein ikkje forstår.

Eg kjem til å gå gjennom analysane i kapittel 6 med tavle og kritt, ikkj...

15. nov. 2016 16:54

Kjære studentar på LING1111 hausten 2016!

Torsdag 13. oktober tek vi ein ekstratime frå klokka 14.15 til 15.00 i det same undervisningsrommet som dei to ordinære timane, dvs. GS Undervisningsrom 1.

I denne ekstratimen skal vi sjå på bølgjeformer og sonagram. Fleire har gitt uttrykk for at dei synest dette er vanskeleg, og då kan det vere greitt å snakke litt meir om det.

Med venleg helsing frå Rolf

11. okt. 2016 17:07

Den obligatoriske kvalifiseringsoppgåva blir lagd ut på fronter (under Meldinger på LING1111) litt etter klokka 14.00 torsdag 29. september 2016. Svaret skal sendast til meg, <rolf.theil@iln.uio.no> innan klokka 12.00 torsdag 27. oktober 2016.

Med venleg helsing, Rolf

28. sep. 2016 08:34