Dette emnet er nedlagt

Semesterside for LING2112 - Vår 2009

Ei lita melding i samband med den obligatoriske kvalifiseringsoppgåva. Når de leitar etter metaforiske uttrykk i teksten, må de ikkje oppfatte verbet rose '(lov)prise' som eit døme. Det heng ikkje i hop med substantivet rose 'buskforma plante i rosefamilien'. På norrønt hadde verbet forma hrósa og substantivet forma rósa, og dette viser at dei ikkje heng i hop etymologisk. Hrósa er eit germansk arveord, medan rósa er eit lån frå latin.

13. feb. 2009 09:53

Til studentane på LING4119 Metaforteori for masterstudentar. Det er førebels ikkje mogeleg for meg å redigere nettsida for dette emnet, men eg håpar de les denne sida! Den detaljerte undervisningsplanen for både LING2112 og LING4119 blir sett opp på denne sida. Studentane på LING4119 er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å kome på dei tre fyrste dobbelttimane då eg går gjennom Metaphors We Live By! Helsing Rolf

6. jan. 2009 01:02