Dette emnet er nedlagt

LING4280 – Prosjektoppgåve i klinisk lingvistikk

Kort om emnet

Emnet gir opplæring i praktisk forskingsarbeid innanfor rammene av forskingsgruppa i klinisk lingvistikk og språktileigning, og skal resultere i ei prosjektoppgåve.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • Gjøre greie for grunnleggande sider ved forskingsstrategi og praktisk forskingsarbeid i klinisk lingvistikk og språktileignelse
  • Vurdere fagets forskingslitteratur og utforme kritiske litteraturoversyn
  • Skrive eigne vitskaplege tekstar på feltet

Endelig karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Opptak til emnet er begrenset til studenter på masterprogrammet Lingvistikk (master - to år).

Emnet gis som en avtale mellom student og institutt/veileder der det er naturlig i studentens studieplan. For oppmelding: kontakt studiekonsulent.

Undervisning

Det er ingen fast undervisning på dette emnet, men studentane får rettleiing frå ein av forskarane i forskargruppa i klinisk lingvistikk, anten individuelt eller i grupper. Studenten skal skrive ei prosjektoppgåve, der tema blir bestemt av rettleiar. Oppgåva vil bli definert av den forskaren som påtar seg rettleiaroppgåva, men vil alltid gjelde metodar av generell nytte for forsking i klinisk lingvistikk. Omfanget av emnet er bestemt av studiepoenga, og vil dermed liggje på ca. 1/3 semester. Oppgåva skal følgje malen for vitskaplege publikasjonar innan fagfeltet, og kan for eksempel vere ein rapport frå eit mindre forskingsarbeid gjennomført innanfor rammene av emnet, eller eit litteraturoversyn av delar av litteraturen som blir lesen i samband med emnet.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Prosjektoppgåve: ei semesteroppgåve på 10 sider (à 2300 tegn utan mellomrom).

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Eksamensspråk

Eksamensoppgåva vert gjeven på engelsk, og du skal svare på eksamenen på engelsk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Anna

Antal studentar er avhengig av talet på tilgjengelege rettleiarar og prosjekt.

Emnet inngår som del av masterprogrammet i lingvistikk.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Master

Undervisning

Avhengig av talet på tilgjengelege rettleiarar og prosjekt. Etter avtale med rettleiar.

Eksamen

Når det blir gitt undervisning.

Undervisningsspråk

Norsk