Dette emnet er nedlagt

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Namn som språklege storleikar med hovudvekt på stadnamn og personnamn gjennom ei teoretisk og praktisk tilnærming. Emnet fokuserer på namn i etymologisk, strukturell, semantisk, kulturhistorisk og sosiologisk samanheng. Innanfor emnet skal kvar student velje eit spesialområde til fordjuping. Emnet finst også i ein 20-poengsversjon med kode NAVN4101 – Namnegransking 2 (nedlagt), med større pensum.

Pensumomfang: 700-800 sider. Pensum finst på emnesida for kvart semester.

Kva lærer du?

Emnet skal gje grunnleggjande innsikt i norsk og nordisk namnegransking og kjennskap til tyngdepunkt i internasjonal namnegransking. Den teoretiske delen tek sikte på å gje studenten forståing av m.a. korleis namn endrar seg språkleg, kronologisk, geografisk, sosialt og mentalt, og kva metodar faget nyttar seg av for å koma fram til pålitelege resultat. Studentane får også oversyn over dei viktigaste namnegruppene i dei nordiske landa og over den verdien dei har som kjelde. Innanfor det valde spesialområdet skal studentane ha særleg grundige kunnskapar.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Opptak til MA-graden i Språkprogrammet, studieretning for nordisk, særleg norsk, språk og andre studieretningar, t.d. innanfor historisk språkvitskap og germansk språkvitskap. MA-studentar ved Program for vesteuropeiske mellomalderstudium og Program for lektor- og adjunktutdanning kan også ta emnet. NAVN2160 – Bruk, vern og forvaltning av namn (nedlagt) eller tilsvarande kunnskapar.

Undervisning

Seminarundervisning med 2 timar i veka i 15 veker, inkludert leseveker. Minst ei mindre kvalifiseringsoppgåve, skriftleg eller munnleg, skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei semesteroppgåve på ca. 23000 teikn utan mellomrom (10 sider) som skal leverast til fastsett frist i slutten av semesteret. Oppgåva skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål) eller eit anna skandinavisk språk. Den blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Undervisning

Nedlagt, emnet vert erstatta av NAVN4162.

Eksamen

Siste gong hausten 2006.

Undervisningsspråk

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)