Dette emnet er nedlagt

NOR4118 – Nyare syntaksteori og nordisk empiri

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Dette emnet gjev ei innføring i nyare syntaktisk teori slik han har utvikla seg innanfor Chomsky-tradisjonen av generativ grammatikk dei siste par tiåra. Vi vil gjennomgå grunnprinsippa og dei viktigaste formelle trekka ved ’minimalismen’, og samanlikne han med tidlegare versjonar av generativ syntaks. Vi vil òg sjå syntaksen i samanheng med allmenne teoriar om menneskas språkevne, som gjer at menneskespråket skil seg frå kommunikasjonssystema hos andre dyr.

Det språklege eksempelmaterialet vil fyrst og fremst bli teke frå moderne skandinavisk, men materiale frå andre språk vil også bli trekt inn. Pensumlitteraturen er for det meste nyare innføringsverk i syntaks og tidsskriftartiklar. Det viktigaste stoffet er likevel det som blir presentert i timane.

Kva lærer du?

Etter å ha gjennomgått kurset skal du vera i stand til å lesa og forstå nyare lingvistisk faglitteratur, få med deg hovudtrekka i spesialiserte foredrag og konferanseinnlegg, og vurdere teoretiske framlegg og analyseforsøk. I tillegg vil du bli i stand til sjølv å foreta syntaktiske analysar av faktisk språkbruk.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Ingen obligatoriske forkunnskapar utover generell studiekompetanse.

Undervisning

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Obligatorisk erklæring, mal for framside og tidligare eksamensoppgåver finn du under administrer dine studier ved ILN: http://www.hf.uio.no/iln/studier/admin/

Hjelpemiddel

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Master

Undervisning

Vår 2013

Eksamen

Vår 2013

Undervisningsspråk

Norsk