Dette emnet er nedlagt

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Gjennomgang av grunndraga i færøysk grammatikk og fonologi. Lesing av lette tekstar i ulike sjangrar. Innanfor emnet skal kvar student velje eit spesialområde til fordjuping.
Pensumomfang: 700-800 sider. Pensum finst på emnesida for kvart semester.

Kva lærer du?

Studenten lærer å lese lette tekstar med god uttale, å setje dei om og analysere dei grammatisk. Innanfor det valde spesialområdet skal studentane ha særleg grundige kunnskapar.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet krever opptak på MA-nivå. Grunnemnet NOR1100 – Norsk grammatikk og eldre språkhistorie eller tilsvarande kunnskapar.

Anbefalte forkunnskapar

Det er ein føremon å ha tatt lingvistikkvarianten av examen facultatum.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot NOR2150 – Færøysk (nedlagt)

Undervisning

Seminarundervisning med 2 timar i veka i 15 veker, inkludert leseveker. Minst ei mindre kvalifiseringsoppgåve, skriftleg eller munnleg, skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei semesteroppgåve på ca. 23000 teikn utan mellomrom (10 sider) som skal leverast til fastsett tid i slutten av semesteret. Oppgåva skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål) eller eit anna skandinavisk språk. Ho blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Undervisning

Kvar haust

Eksamen

Kvar haust

Undervisningsspråk

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)