Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Koronaviruset: Undervisning og eksamen Høst 2021

Koronasituasjonen vil påvirke undervisning og eksamen ved Det juridiske fakultet. Semestersidene har oppdatert informasjon om undervisning og eksamensform.

Les mer om undervisning og eksamen høsten 2021

Se også:

 

«Domsanalyse og domsskriving» er eit emne der studentane skal få inngåande kunnskap om den juridiske dommen som tekstsjanger. Dette skal dei oppnå gjennom å læra å analyserer dommar frå både nasjonale domstolar på alle nivå, og frå transnasjonale domstolar med særleg relevans for Norge.

Analysen skal gjelda argumentasjon, og korleis denne vert gjort presentert ved bruk av tekstlege verkemiddel. Faget vil difor både ha eit klarspråk- og eit metodeelement, og gje ferdigheiter i tekstanalyse og juridisk metodebruk.

Faget vil òg inkludera eit historisk og komparativt perspektiv for å visa korleis domssjangeren vert forma på bakgrunn av tradisjon og retts- og domstolssystemet si utforming, som saman skapar samfunnsforventingar. Studentane skal vis at dei har tileigna seg dette ved å saman i ei gruppe skriva ein dom som semesteroppgåve, og individuelt reflektera over dommen i ein munnleg eksamen.

Kva lærer du?

Emnet skal gjera studentane i stand til å

  1. analysera argumentasjon og tekstlege verkemiddel i dommar
  2. til å sjølve skriva ein dom
  3. til å reflektera kritisk over eigne og andre sine dommar

Opptak og tilgangsavgrensing

Du kan melde deg til dette emnet dersom du er registrert student ved Universitetet i Oslo og har oppfylt forkunnskapskrava med utdanning frå UiO.

Oppfyller du forkunnskapskrava med utdanning frå ein annan utdanningsinstitusjon må du søkje opptak til valemner på masternivå.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Studentar må fylle eit av desse krava:

Du er unntatt frå forkunnskapskrava om du har opptak til eit anna masterprogram ved UiO der juridiske valgemne er integrert i studieprogrammet.

Undervisning

12 dobbelttimer undervisning, hvor første og siste skal skje fysisk, resten gjennomføres digitalt på zoom, undervisninga blir gjennomført av ansvarlig faglærer og med deltagelse av eksterne dommere.

Du må levere et obligatorisk utkast til semesteroppgåve for kommentering.

 

Eksamen

Semesteroppgave med to elementer:

  • Å skrive ei semsteroppgåve i form av ein dom, saman i ei gruppe. Inga ordgrense. Teller 40% av karakteren
  • Munnleg individuell eksamen der ein skal gje ei analyse av egen dom. 30 minutt.  Teller 60% av karakteren

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Studentar som går på masterstudiet i rettsvitskap har egine reglar for gjentak av allereie bestått eksamen.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Master

Undervisning

Kvar haust

Eksamen

Kvar haust

Undervisningsspråk

Norsk