Står du fast når du søkjer på enkeltemne?

Vanlege problem når du søkjer på enkeltemne i Studentweb.

Korleis skal eg logge på?

  • Enkeltemnestudentar må normalt logge på Studentweb med ID-porten (MinID, BankID osv.) fram til du har registret deg, fått plass på emne og betalt semesteravgifta. Seinare kan du logge på med Feide (UiO-brukarnamn og passord).
  • Var du enkeltemnestudent førre semester? Da kan du logge på Studentweb med Feide (UiO-brukarnamn og passord) også i januar, dersom du har huska å byte passord før det har gått eit år.
  • Merk at du må få plass på eit emne, registrere deg og betale semesteravgifta før du får andre IT-tilgonger på UiO.

Eg får ikkje opp innloggingssida

  • Brukar du Safari på iPhone/iPad? Da har du nok ikkje aktivert JavaScript. Gå til innstillingar-safari-avansert på eininga di og skru på javaskript.
  • Treng du hjelp, kontakt Houston - USITs kundemottak for IT-tjenestene.

Det står "Du har ikkje studierett til emnet"

Sjekk lista over emne som har ledige plassar. Ligg emnet på lista?

  • Hvis nei, er ikkje emnet lagt ut for enkeltemnestudentar.
  • Hvis ja, er du kan hende litt for tidleg ute. Har klokka blitt 9? Hvis ja, skriv til studentinfo@admin.uio.no og gje oss studentnummeret ditt, emnekoden på emnet det gjeld og tilbakemeldinga du får i Studentweb.

Eg får melding om at emnet ikkje har ledige plassar

Emna blir fylt opp fortløpande, og eit emne kan ha blitt fullt innen du søkjer plass i Studentweb, sjølv om du fann det på lista over emne som har ledige plassar. Dersom det blir frigjort plassar på emnet, kan det dukke opp på lista igjen. Lista blir oppdatert med ca. 10 minutts mellomrom.

Eg får melding om at eg manglar forkunnskapane til emnet

Les på emneomtala kva krava til forkunnskapar er.
Har du forkunnskapane? Kontakt infosenteret på fakultet som gir emnet.

Eg kjem til kvitteringssida, men det står at eg ikkje er meldt til emne. Kva gjer eg?

Gå til Aktive emne i menyen og søk på emne.

Eg har allereie registrert meg. Kor søkjer eg opp fleire emne?

Vel Aktive emne i menyen.

Eg går allereie på eit studieprogram. Korleis søkjer eg plass på ekstra emne?

Går du på eit studieprogram, har du utdanningsplan. Vil du søkje plass på andre emne enn dei som kan inngå i utdanningsplanen, kan du gjere dette etter at du har registrert deg. Vel Aktive emne i menyen.

Publisert 15. jan. 2015 14:15 - Sist endret 2. jan. 2020 14:33