Sande på sparebluss
Gyldendal 126 s. , kr . 249 , -
Hans Sande har ei eiga evne til å skape kikhol , både ut mot æva og inn i den daglege menneskelege dont .
Hans Sande har ei eiga evne til å skape kikhol , både ut mot æva og inn i den daglege menneskelege dont .
Også i denne samlinga flyt den burlesandske humoren fritt , til dømes i parodien om realityshow-deltakarane i « Big Mouse » .
Forfattaren blandar eventyr , bibelske historier , legender og « røynd » i ein personleg og framfor alt frigjerande miks .
Han skriv om guten som aldri skulle levd opp , om møtet mellom eventyrillustratøren Kittelsen og den « verkelege » Smørbuk ( k ) - slik ingen annan kan .
Men for trufaste Sande-fans vil denne novellesamlinga neppe bli noko høgdepunkt .
Til det er teksten for småslapp .
Intensiteten frå tidlegare noveller er borte , teksten strevar litt trått - milevis frå dei litterære høgder Sande nådde i til dømes romanen « Sprekk » .
Småpludringa tek litt over , denne lesaren får ei kjensle av at forfattaren tidvis har keia seg under arbeidet .
Likevel er samlinga absolutt verdt å lesa - så lenge ein er mentalt budd på ein litt mindre manisk Sande .
