Lite flatterande samtidsportrett
Den anerkjente Jonathan Franzen gir ein pessimistisk diagnose i ein tradisjonell roman .
Jonathan Franzen har etablert seg som ein suksessrik romanforfattar , men òg som ein gretten kritikar av populærkulturelle fenomen .
Sist synte han det med « Krausprosjektet » , ei fotnotekommentert omsetting av nokre ramme essays av den austerrikske mediekritikaren Karl Kraus ( 1874 - 1936 ) .
I den nye romanen « Renhet » introduserer Franzen først karakteren Pip , eller Purity som er hennar rette fornamn .
Pip er i byrjinga av 20-åra , jobbar som telefonseljar og bur i eit nedslite kollektiv med ein gjeng andre skakkøyrde yngre folk i Oakland , USA.Forutan at namnet hennar spelar på Dickens Pip i « Great expectations » , leitar Pip etter far sin .
I leitinga etter identiteten sin , kjem ho i kontakt med Andreas Wolfs varslarnettstad Sunlight Project og får praktikantplass der .
Wolf driv verksemda frå Bolivia og lek hemmelege dokument og e-postar frå offentlege og private verksemder og får skiten fram i sollyset .
Seinare hamnar Pip som spion hjå Tom Aberant , som driv eit ideelt internett-tidsskrift for undersøkjande journalistikk i Denver .
Pip vert driven inn i underleg kvervelstraum mellom Tom og Andreas .
« Renhet « er på mange vis ei omfattande bok , bokstavleg med sine 650 sider , og vidare fordi han presenterer lesaren for ei kaotisk rekkje tema og sideforteljingar , alt rett nok pent føyd saman .
Forteljinga tek lesaren geografisk frå USA , Sør-Amerika til Berlin , men òg bakover i tid , attende til DDR-historia og stasiveldet .
Boka byd på sexskildringar i nære og fjerne relasjonar , og som i eventyra er den lutfattige eigentleg ein arving til enorme rikdommar .
Og , som om dette ikkje var nok , hyser romanen lik ein thriller eit rovmord og løyndomar som både knyt saman folk og sender destruktive slagskuggar inn i framtida .
Forteljinga dreiar seg mellom anna om identitet , eit fenomen som er vorte vanskeleg for mennesket etter internettet kom , der det er mogleg å presentere regisserte bilete av seg sjølv , medan denne sjølvpromoteringa på side produserer informasjon som blir samla og selt vidare av tredjepartar .
Dette er eit narsissistisk spel som ikkje openberrar noko om dei verkelege liva , synest romanen å meine .
Pip , som manglar bitar av forteljinga om seg sjølv , vert eit offer for manglande informasjon om sitt eige liv , ein informasjon mange av dei andre aktørane i romanen sit på .
Saknet av denne kunnskapen verkar å styre hennar ferd og lagnad .
Gjennom den nemnde Kraus-boka knyter Franzen seg til ein kompromisslaus kulturkritisk tradisjon .
I den omfangsrike romanen er mediekritikken , eller rettare teknologipessimismen , det mest iaugnefallande trekket .
For å omskrive ei aforisme av Karl Kraus , er Franzen som teknologikritikar ein person utan idear , men med evna til å uttrykke dei .
Vel leverer han ein frodig og tankevekkande samtidsdiagnose , men det loddar kanskje ikkje så djupt .
At nye teknologiar har gjort arbeidet og kvardagen lettare , verkar det som om forfattaren ser vekk ifrå .
Men kanskje er ikkje Franzen ein drastisk datamaskinknusar , kan hende slår han berre kritiske bresjar inn i teknologioptimismen og peikar på at det er dei verkelege , og ikkje dei sjølvframstilte liva , det gjeld om å leve her på jorda .
Mest forstemmande er kanskje framstillinga av dei kvinnelege rollefigurane .
Dei står tilsynelatande fram som stereotype objekt for dei mannlege personanes blikk og begjær , manipulerbare .
Dei er skjøre byte for mannleg kjønnsliv .
Mykje av framdrifta i romanen kan faktisk tilleggast kjønnsdrifta .
Men ein bør òg ha i mente at dette er ein roman der tinga og menneska alltid er annleis enn det dei gjer seg ut for å vere .
Og kanskje er den verkelege helten i romanen , om éin skal utpeikast , ei av kvinnene .
Franzen skriv ikkje prosa av så høgt merke at ein kan lese avsnitt om att for nytingas skuld .
Alt som skjer her , er underlagt ein større forteljarstruktur og underordna eit dramaturgisk grep .
Stilen er utan variasjon , konsumprosaen durar og går frå byrjing til slutt .
Romanen har kan hende altfor mykje han skulle ha sagt .
Kanskje burde Franzen lytta til innsikta som ligg i ein av aforismane til hans andelege rettleiar , Karl Kraus — her lettare omskriven :
Forfattaren skriv fordi han ikkje har noko å seie , og han har noko å seie fordi han skriv .
