Når smerte er frivillig
Heidi Sævareid vekkjer sansane , men også fordommane våre .
Over kulturen vår kviler det eit forbod mot det å utsetje sin eigen kropp for det vonde .
Korleis råkar smerta , dersom ho er lausriven ifrå sjukdom , vald og fare ?
Ei veldig kraft , som ikkje slår ned i kroppen , men bur i oss sjølv og bryt ut ?
I « Slipp . Hold » , Heidi Sævareids andre roman , følgjer vi Mari , som er 18 år , går siste året på vidaregåande og bur i eit kollektiv i Oslo .
Ho har ei bestevenninne , som ho kan snakke med om alt , og ein kjærast , men han tør ho ikkje vere ærleg med .
Inn i kollektivet flyttar så ein ny person , Oliver .
Han er nokre år eldre enn Mari , og står fram for henne som ganske alternativ .
Han har tatoveringar , et ikkje kjøt og drikk ikkje alkohol .
Gjennom Oliver blir Mari introdusert for ei ny gruppe menneske , som siste søndag kvar månad møtest for å hengje etter krokar stukke gjennom huda — i ryggskinnet , i knea og i brystet .
Metoden gir ei sterk sansing av det verkelege , men også meditativ ro .
Kroppen blir halden fast i ein ekstrem tilstand , medan tankane mistar overtaket og må gi slepp .
I etterkant kan ein oppleve meistringskjensle , men også vonbrot .
Dramaturgisk er romanen bygd opp rundt vår forventing og tvil om kor vidt også Mari vil sveve slik .
Under dei to seansane med såkalla « suspension » som finn stad i romanen , gir Sævareid detaljert presentasjon av menneska som er til stades , kva reglar som gjeld , utstyret som blir nytta , positurane dei hengande inntek og kva svært ulike reaksjonar på spenning og smerte dei har .
Skildringane skapar inntrykk av direkte observasjon , og språket gir ei nærmast sakleg framstilling .
Likevel opplever eg desse delane som svært intense .
Det er eit fascinerande innblikk , men det er også noko ved stemninga som uroar meg .
Sjølv om « suspension » er trygt , og sjølv om deltakarane er støttande og kjærlege , ser ingen ut til å reagere på Mari sin unge alder .
For meg er dette svært utfordrande å ta omsyn til .
Er « suspension » verkeleg eit godt svar på den rastløysa og uvissa som Mari ber på ?
Mogelegheitene som Mari blir stilt overfor , minner om kor langt den kroppslege integriteten strekkjer seg , kva ein fritt kan utsetje seg sjølv for og om viljen er der .
Motivasjonen til Mari står derimot open .
Ho forelskar seg i ein som utøver « suspension » , men verkar meir uroa for å miste sjansen til å hengje sjølv , enn å miste han .
Ho observerer fellesskapen i miljøet , men for Mari ber dragnaden mot smerta preg av noko meir individuelt .
Eg kunne ønskje Sævareid med romanen gjorde meg i betre stand til å forstå denne trongen .
Samstundes er dette på ingen måte hennar plikt som forfattar , og Mari er heller ikkje eit døme på kva som er rett eller gale .
Ho gjer berre som ho vil .
Det er ikkje tanken på konsekvensane som hindrar henne , kanskje er der ingen ?
Mari er uransakeleg .
Denne kvaliteten ville kome betre til sin rett om karakterane som omgir henne var like nyanserte .
