Ikkje Nærum på sitt beste
Forfatter :
Knut Nærum
Sjanger :
Humor
Forlag :
Cappelen Damm
Rett skal vere rett , eg lo godt av og til .
På sitt beste er Nærum ein treffsikker satirikar med ei eiga evne til å sjå det komiske i nesten alt og alle .
Og mangt og mykje er med :
Hans Olav Lahlum ( språket ) , Jon Michelet ( faktamengdene i dei siste bøkene ) , Dag Solstad ( nybrottsarbeid i romansjangeren ) osv .
Dei fleste innslaga er korte — lengst er eit vel 40 sider langt filmmanus om Thor Heyerdahl og « Kon Tiki » .
Eg trur ikkje eg så mykje som smilte ein einaste gong .
Betre er eit par av teikneseriane , medan vitsar ev denne typen ikkje imponerer meg :
« Jeg kaller ingen for « neger » hvis de ikke liker det .
Eller hvis de er hvite » .
Svar på retoriske rockespørsmål glitrar heller ikkje akkurat :
« Have I told you lately that I love you ? »
Svar :
« Ja , men du var full » .
Fleipen med Angela Merkel ( om dei økonomiske vanskane i EURO-landa ) er underfundig - faktisk noko av det beste i denne boka .
Brodden er både tydeleg og skarp .
« En guide til norske tankesmier » har noko av den same brodden .
Geipen med « Trygdekontoret » er heller ikkje så aller verst , men ein ventar mykje av ein satirikar i Nærums divisjon - og sett under eitt held dette ikkje mål .
« Game of Thrones » og « First House » verkar også litt bleike - den bitande , satiriske snerten manglar dessverre .
Samla sett , « Æ » er ikkje Knut Nærum på sitt beste - det manglar faktisk ganske mykje på det .
