Mislykka psykologisk thriller
Blå himmel og grønt gras er det einaste som møter augo til 10 menneske då dei vaknar opp ein morgon .
Campingplassen , havet , trea , summetonen i mobilane ; alt er borte .
Radioen sender berre låtar signert Peter Himmelstrand , populær svensk låtskrivar som døydde i 1999 .
To bønder som har tydd til kvarandre etter at konene reiste frå dei , eit dysfunksjonelt ektepar med ei jente full av vondskap , og eit tilsynelatande lykkeleg par med ein litt ubestemmeleg son .
Endeleg , ein bøllete mann , og den stille og milde kona hans .
Grøss og gru blir det etter kvart ; skyting , syreregn , gjengangarar , mørke veggar , underlege lukter osv .
Dessutan , alle personane , også dei to barna , slit med vonde minne ; minne som manifesterer seg i til dømes ein kvit skapning som kanskje er døden .
Eller i ein svart tiger , i ein mørk tunnel .
Ingrediensane til ein verkeleg grøssar er på plass , men denne gongen har John Ajvide Lindqvist , etter mi meining , rota bort eit godt anslag .
Eg måtte lese dei siste 200 sidene to gonger før eg begynte å skjøne kva som gjorde at boka ikkje fenga .
Forfattaren gaper rett og slett over for mykje .
Det er meir eller mindre klåre allusjonar til bibelen , låtskrivaren Peter Himmelstrand har eg alt nemnt , James Stewart , helten frå ei mengd westernfilmar ploppar nokså tilfeldig opp i ei rolle han avgjort ikkje kler .
Det er meir , til dømes tilsynelatande intellektuell diskusjon om Gud finst eller ikkje .
Eg understrekar tilsynelatande intellektuell , faktisk blir det altfor ofte , og særleg mot slutten , det eg beintfram vil kalle langhalm .
Eg har lese berre ei bok av forfattaren før , « Lille stjerne » .
Den var god , og eg vil vel karakterisere innhaldet som sosialrealistisk , med ein god del grøss .
« Himmelstrand » er eit forsøk på å skrive ein psykologisk grøssarroman .
Kva er meininga med livet ?
Grunnleggande spørsmål vaker gjennom siste halvdelen av boka , men det blir for lettvint , for overflatisk .
Vil forfattaren briljere , imponere ved å vise at han kjenner til litterære grep som allusjonar , bibelkunnskap og underliggande bodskapar i songtekster ?
Når Olof Palme mot slutten dukkar opp , blir forvirringa total .
Mageplask er ordet som renn meg i hug .
Alt renn ut i sanden .
