Sjølvbiografiske glimt frå ein middelaldrande kar
" Postkort fra alle tings utkant " er grei tidtrøytte , men ikkje stort meir heller .
Essays er sjangernemninga forlaget har gjeve boka .
Både på nynorsk og bokbål heiter essay i fleirtal essay .
Slumsete , Gyldendal !
Nokre av tekstene i " Postkort frå alle tings utkant " har essaypreg , men brorparten er sjølvbiografiske skisser , stort sett velskrivne og lettlesne — med mange skjønnlitterære trekk .
Temaa er mangfaldige : oppvekst i ein pinsevenheim , sundagsskule med mamma , rustne bilar ,
amerikadraumar , møte med kjendisar , pop— og rocketekster , tøffe år som tenåring osv .
Forfattaren hyllar det rurale , det enkle , det tradisjonelle .
Hektisk , urbant liv har han lite til overs for .
Han laut lese Tarjei Vesaas , " Det store spelet " i sjuande klasse - det gav inga god kjensle .
Derimot har han mykje godt å seie om Donald Duck , som han skriv har vore ei sterk inspirasjonskjelde .
Ei lang rekke musikarar og låtskrivarar får også mykje merksemd : Bob Dylan , Alf Prøysen , Guy Clark , Elvis Presey , Woodu Guthrie osv .
" Det store norske anslaget " skil seg etter mi meining ut .
For det første er dette eit verkeleg essay , eit verkeleg forsøk på å skildre forfattarambisjonar , tilløp til skrivesperre - og ein stor porsjon filosofering rundt dei to orda " Jeg stuper " .
Konklusjonen er at " Postkort fra alle tings utkant " er grei tidtrøytte , men ikkje så mykje meir heller .
