Skravlete om botnlaus vondskap
I « Ondskapens kall » møter vi for tredje gong afghanistan-veteranen og privatdetektiven Cormoran Strike og den kvinnelege assistenten hans , Robin Ellacott.Robin får eit kvinnebein i ei kasse levert på døra , men Cormoran er — av fleire grunnar - sikker på at pakka er til han.Han meiner dessutan å kunne peike ut fire personar som kan vere avsendaren.Alle er psykopatiske sadistar og ekstremt valdelege.Medan politiet og tospannet Robin og Cormoran leitar etter gjeningsmannen , dukkar det opp fleire kvinnelik der kroppsdelar er skorne vekk.Endeleg , Robert Galbraith , alias J.K. Rowling ( Harry Potter ) , gjev oss også innsyn i psyken til seriemordaren.Vondskapen er fullstendig grenselaus.Mot slutten viser forfattaren at ho kan skape spenning.Korleis skal eg teie om , men dei siste 50 sidene er årsaka til at eg ikkje endar på eit endå lågare terningkast .
Som norsklærar i ungdomsskulen følte eg at eg måtte lese i alle fall eit par av bøkene om Harry Potter , den « gode » , og Voldemort , den « vonde » .
Dei tiltala meg ikkje.Den skravlande , utpensla språkstilen , som openbart gjekk heim hos mange , synst eg ikkje passa innhaldet til fantasy-bøkene .
I « Ondskapens kall » er språket minst like snirklande og utbroderande , og eg synst det høver svært dårleg i ein roman som skildrar så mykje djevelskap.Sj ølv om Strike miste mykje av den eine foten i Afghanistan , er han ein barsking som kvinner , også assistenten hans , Ellacott , let seg fascinere av.Kor mange gonger forfattaren hintar om at dei to har sterke kjensler for kvarandre , er eg lykkeleg uvitande om , men det er for mange.Plottet som ligg i botnen er ikkje heilt ueffent , men å bruke 520 sider på å utvikle det , er noko nær meiningslaust .200 , kanskje 250 sider , men det dobbelte !
Det verste er kanskje personteikningane - av kjeltringane.Dei blir reine monster , pappfigurar som psykologisk ikkje heng i hop .
Er eg ein gretten , gamal gubbe som ikkje har følgt med i timen ?
Eg trur ikkje det .
« Ondskapens kall » held ikkje mål .
