Meir småprat enn spenning
Handlinga i denne kriminalromanen , 558 sider lang , startar med at eit dokument frå 1905 blir opna på eit advokatkontor i 2014 , datert 5. september 1949 .
I det dramatiske året 1905 hadde Oskar P.
Brattenschlag fått ei underordna stilling ved oslokontoret til statsministeren , Christian Michelsen.Sv ært sensitive samtalar om tilhøvet mellom Sverige og Noreg går føre seg , og Brattenschlag blir ufriviljug dregen inn i dei .
Bestialske drap , mystiske skapningar ; hendingar skjer som kan få fatale følgjer for forholdet mellom grannelanda .
Eit innbrot på Universitetet gjer den unge embetsmannen merksam på solkors— eller hakekorsdyrkarane teosofane .
På toppen av alt blir familien til Brattenschlag på dramatisk vis utsett for åtak .
Brattenschlag og eit par blir andre kidnappa , og handlinga når eit dramatisk høgdepunkt på leiting etter gotergull på Sunnmørekysten , og ein ufatteleg skatt som søkk i havet ved Stadt .
Etter kvart som eg las dei mange sidene var det eit par spørsmål som trengde seg stadig sterkare fram ; kunne ikkje til dømes Sir Arthur Ignatius Conan Doyle eller Bernhard Borge ha skrive dette ?
Svaret er både ja og nei .
Plottet , ja .
Tilrettelegging og omfang , nei .
Eg er overtydd om at både Borge , alias André Bjerke , og Conan Doyle ville ha barbert bort minst 150 unødvendige sider .
Det blir rett og slett for mykje av det gode .
Det andre spørsmålet som trengde seg på var ; kunne ikkje dette ha blitt ein forrykande roman for unge lesarar ?
Ei barbering ned til 200 sider , litt meir pedagogisk tilnærming til situasjonen i 1905 , det kunna ha blitt ein kjempebra roman for ungdom i første delen av tenåra .
Forfattaren har eit par krimromanar bak seg som har fått bra kritikkar .
Sidan eg ikkje har lese nokon av dei , skal eg berre konstatere at tittelen Skamtegnet , altså hakekorset , treffer godt .
Fauskanger har studert mellom anna filologi , religionsvitskap og klassisk hebraisk , og det manglar ikkje på historiske fakta i boka .
Men slik Skamtegnet no ligg føre , er romanen ein litterær mastodont med for lite basisinnhald og for mange ord .
