Svak andrebok frå Linnéa Myhre
For mykje langhalm og banalitetar , for lite struktur og psykologisk innsikt .
Forfatter :
Linnéa Myhre
Sjanger :
Brevroman
Forlag :
Tiden
Debutboka til Linnéa Myhre frå 2012 , « Evig søndag » , var ikkje nokon god roman , litterært sett .
Men , og det skal understrekast , det var ei bok som sette ord på alvorlege psykiske problem som anoreksi og skjønnheitshysteri .
Med andre ord , ei personleg bok som trefte mange , spesielt unge kvinner — ei bok som mange opplevde at sette ord på vanskelege kjensler og tankar .
Ei nyttig bok , rett og slett , som dessutan verka gjennomarbeidd .
Årets bok , « Kjære » , er samansett av mellom 25 og 30 brev .
Eg nemner : brev til mamma , ein terapeut som har hatt henne til behandling , Jarle ( ein tidlegare kjærast ) , tante Margit , kollektivet , Knut Kristian Moeng ( redaktør i Menn ) og til seg sjølv .
Eg stoppar der .
I all hovudsak handlar breva om forfattarens forhold til andre menneske , til mat generelt - og leverpostei , raudbitar og Natreen sukettar spesielt - og Internett , for å ha nemnt litt .
Livet som kjendis ligg som eit bakteppe gjennom boka , som endar med eit brev til Sondre Lerche , som ho har falle ettertrykkeleg for .
På den positive sida skal det understrekast at ho , slik eg les boka , skjønar at ho er dyktig sjølvoppteken , og glimtar til med sjølvironiske utsegner .
Ho kan også vere morosam , eit eksempel er skildringa av forholdet ho har til kombinasjonen leverpostei og raudbitar .
Men hovudinntrykket er dessverre at forfattaren denne gongen serverer oss mykje langhalm , eller inkjeseiande småprat .
Eg er ikkje ein augneblink i tvil om at mange unge jenter likevel vil sluke denne boka , men som bokmeldar må eg vurdere boka som litteratur , som roman , og då held ho ikkje mål .
Det som er nesten tragisk er at eg meiner å kunne sjå at « Kjære » kunne ha blitt ein brukbar , ja kanskje til og med god , brevroman .
Litt meir struktur , stryking av dei verste banalitetane og ei generell innstramming hadde hjelpt .
For meg blir det fullstendig uskjønleg at forlaget Tiden , med sitt skjønnlitterære konsulentapparat , ikkje har gripe inn og losa den ferske forfattaren fram til eit mykje betre produkt .
Det er freistande å mistenke forlaget for først og fremst å ha i tankane at populariteten frå førsteboka kunne mjølkast vidare .
I alle fall har forlaget gjort henne ei bjørneteneste med å presentere ei uferdig bok .
