Kina-moralsk oppstrammar
Det er ikkje første gong kinesarane er fornærma på Norge .
Slikt bør me ta med ro .
I 1974 besøkte to unge norske marxist-leninistar , Kjell Arild Nilsen og Helge Øgrim , Maos Kina .
Det var ei reise i eit land som den gongen stod som eit romantisk forbilde for mange radikalarar i Vesten .
Men mykje har skjedd sidan den gongen .
Nå har Nilsen og Øgrim skrive ei bok som er alt anna enn romantisering av Midtens Rike .
" Det er bedre å utstå kjeft og represalier enn å bøye seg for presset , " konkluderer dei to , med adresse til politikarar og næringslivsfolk som gjerne vil " normalisera " eit forhold til Kina som har vore anstrengt sidan den opposisjonelle Liu Xiaobo fekk fredsprisen i 2010 .
At kinesarane er hårsåre og langsinte , er ikkje noko nytt .
Blant dei kuriøse episodane forfattarane dreg fram frå fortida , er dei kinesiske protestane mot eit VG-oppslag etter okkupasjonen av Tibet i 1959 .
Der var eit bilde av Mao utstyrt med eit kvitt kryss , for å illustrera at den kinesiske leiaren hadde " mista ansikt " .
Kinesarane kravde at den norske regjeringa måtte straffa avisa for ei slik majestetsfornærming , og saka skapte diplomatiske forviklingar .
Frå 1949 til i dag
Nilsen og Øgrim har gjennomgått det kinesisk-norske forholdet frå revolusjonen i 1949 og fram til i dag , med vekt på dei dramatiske vendingane : striden om Kinas plass i FN , Korea-krigen , Tibet-saka og det katastrofale " store spranget framover " på 1950-talet , Kulturrevolusjonen i 1960-åra , maktkampen etter Maos død i 1976 , og i nyare tid konfliktane omkring fredsprisane til Dalai Lama og Liu Xiaobo .
Forfattarane har hatt tilgang til arkivmateriale frå Utanriksdepartementet og brukt det i omfattande grad – kanskje i meste laget .
Det kan ha ein viss underhaldningsverdi å få innsyn bak dei diplomatiske kulissane , og ikkje minst å sjå at norske ambassadørar ikkje alltid leverer dei mest kvalifiserte analysane , men det kan diskuterast kor relevant dette er .
Ambassaderapportane må uansett berre ha vore ein del av informasjonen til norske styresmakter om Kina .
Eg saknar ein breiare og meir systematisk analyse av kreftene og interessene som har forma norsk Kina-politikk ; ikkje berre politikarar og embetsverk , men også næringsliv og sivilsamfunn .
Ukjent historie ?
Boka lovar å fortelja " den ukjente historien " om det kinesisk-norske forholdet .
Det spørst kor mykje ukjent det eigentleg er , men i den eldste historia er det naturlegvis mykje som er gløymt .
Gjennomgangen av dei nyaste konfliktane er stort sett referat av ting som har stått i avisene .
" Kina vs .
Norge " er ei grei oppsummering av seks tiår med kinesisk-norske relasjonar .
Mange vil kunna ha nytte av den , sjølv om meir krevjande Kina-interesserte nok vil måtta gå andre stader for å få djupare innsikt .
Den tydelegaste meldinga i boka – og drivkrafta til forfattarane – ligg i den sterke moralske appellen om å stå opp mot eit land som trass all framgang og modernisering framleis er eit undertrykkande diktatur .
I det perspektivet handlar det ikkje om å forstå Kina , men at dei kinesiske leiarane skal " ta til fornuften " , som forfattarane skriv .
