Alle konfliktars mor
NRK-veteranen Odd Karsten Tveit har skrive ei høgst ambisiøs bok om konflikten mellom Palestina og Israel .
Men ikkje nødvendigvis opplysande for det .
I haust kjem det minst tre bøker på norsk om den nesten evige og umogelege Israel-og-Palestina-konflikten , og meldingane av dei vil difor komma på løpande band dei neste vekene .
Alle er skrivne av garva og profilerte journalistar .
Først ut er Odd Karsten Tveit med den underhaldande og høgst ærgjerrige " De skyldige " på Kagge forlag .
Her blir nye opplysningar om Lillehammer-misera til etterretningsorganisasjonen Mossad fortalt , og alle dei viktigaste dokumenta knytt til Oslo-avtalen i 1993 offentleggjort .
Tveit har late seg inspirera av mange hardkokte kriminal— og spionromanar , og boka er ført med ein ganske høg litterær ambisjon .
Dette er forlagsreklamen .
Tjukk som Bibelen
" De skyldige " er tjukk som Bibelen .
Og som i gamle utgåver av Bibelen er det nødvendige og gode kart av det omstridde landet heilt aust i Middelhavet i begge endane av boka .
Og som i Bibelen fløymer boka over av Israels altfor mange og altfor blodige kampar mot andre folk .
Og som i Bibelen er det særleg ei makt utanfrå som støttar Israel , og nesten gjennom tjukt og tynt på same måten som Herren Gud :
USA .
Det er ikkje vanskeleg å sjå kva parti eller side Tveit tar i konflikten .
Men også norske politikarar som har støtta Israel altfor einsidig , som avdøde Haakon Lie , blir ført fram i skotlinja .
Det er ikkje vanskeleg å sjå kva parti eller side Tveit tar i konflikten .
Der skil boka seg klart frå Bibelen .
Kanskje er noko av problemet framleis at mange i Israel ser på seg som eit utvalt folk - anten av Gud , eller av USA , av det internasjonale samfunnet meir generelt .
Det viktigaste å seia om " De skyldige " , er at boka er journalistisk driven historieforteljing .
Men det meiner eg at boka er avgrensa av journalistens perspektiv på bakken , og av journalistens ønske om å fortelja gode historier .
Innsikt og oversikt blir såleis lett eit offer midt i skotvekslingane og under alle dei fæle massakrane .
Kva er dei drivande årsakene ?
Kva er det som held fram , og kva er det som endrar seg ?
Kvar byrja eigentleg den tilsynelatande umogelege konflikten i Palestina ?
Meir fortolkande og diskuterande historikarframstillingar ville truleg begynt med det internasjonale samfunnets inngrep og delvis overgrep ved etableringa av staten Israel i 1948 .
Tveit byrjar meir heftig med Seksdagarskrigen i 1967 .
Tidvis er det veldig medrivande lesing .
Tveits stillingstaking er gjennomgåande overtydande , men ikkje forstyrrande eller påtrengjande .
Tvilsam forlagsreklame
Omgangen med kjelder syner også Tveits journalistiske trong eller legning .
Det er endeleg mange fotnotar i boka , langt over tusen , men det er vanskeleg å sjå korleis andre bøker er blitt brukt – om dei er blitt sitert ordrett eller dramatisert og dermed forma på ny .
Forholdet eller minnet som dei intervjua kjeldene har til hendingar fleire tiår tilbake , blir heller ikkje drøfta .
Og endeleg :
Det er tvilsam forlagsreklame å kalla Osloavtalens dokument for offentleggjort når dei er koda som QR ( alle dei små firkantane du veit ) i margane .
Det står ingenstad at ein må ha mobil for å ha full nytte av " De skyldige " .
Det artigaste å lesa i " De skyldige " er alle mytane og legendene Tveit har tatt vare på gjennom eit langt liv i felten .
Det understrekar dei bibelske dimensjonane på ny .
Likevel fører ikkje forteljingane til særleg meir forståing av dei underliggjande drivkreftene i konflikten .
Likevel fører ikkje forteljingane til særleg meir forståing av dei underliggjande drivkreftene i konflikten .
Tolemot mellom palestinarar er stikkordet Tveit sluttar med .
" De har ventet på rettferd , håpet at stormen skulle gå over . "
Men lesaren ser jo at rettferd og finvêr ikkje er det same .
