Teppet som ikkje vil flyga
Samarbeidsbøker kan bli knallsterke historier .
Men dei kan også bli hemma og tyngd av lojalitetar .
Laila Bokhari er ingen kven som helst .
Ho er utdanna i statsvitskap i Storbritannia , Nederland og Sveits , og har tenestegjort i FN i New York .
Ho sat i 22.juli -kommisjonen , og ho arbeider no som statssekretær på statsministerens kontor ( med mammapermison i haust ) .
Ho er på maktas tindar her i Norge .
Ein kunne tenkja det er ei fantastisk karriere— og klassereise , frå ei Lillehammerdotter av mor utan høgare utdanning og ein far som importerte filleryer frå Pakistan .
Som om det ikkje alt var nok , er ho også forfattar av fleire bøker .
Bemidla familie
Men så var faren ingen kven som helst innvandrar heller .
Familiens hans heime i Pakistan var høgst bemidla med hotell og med eigedommar , og det var som noko bortkommen , men slett ikkje utstøytt son i London at han blei kjent med denne norske kvinna som forelska seg i han , og som drog heilt til Faisalabad for å få han .
På Lillehammer var han den første innvandraren frå Pakistan , men han var også ein mann med mange kontaktar , og ressursar å falla tilbake på .
Han blei rik på produksjon av filleryer i Pakistan , kopla mot import til Norge , og oppretta ein jenteskule i Sultanabad på sine eldre og rike dagar .
Nær heltekvadet
Det er om denne arven , og om denne handlekraftige Aywar Bokhari , at statssekretæren og dottera har vilja laga ei bok .
« Arven etter far » er skriven i samarbeid med frilansar og sakprosaforfattar Åshild Eidem .
Men den på forsida takka « ghostwriteren » har ikkje forløyst stoffet , eller skapt den nødvendige distansen mellom Laila Bokhari og figuren som blir heitande « Papa » i boka .
Biografien er snublande nær heltekvadet .
Det er lettare for lesaren å beundra gründaren Bokhari når ein også får sjansen til å studera han i kontekst , og i ulike perspektiv , ja med ironiske og kritiske element , til og med .
Eidem har leita seg fram til « Papas » kreftsjukdom og påfølgjande dødsleie , det er der boka begynner og hentar liksom styrke .
Men det er nesten fælt å seia :
Vi skal alle døy .
Det er i mykje meir litterære kraftfulle framstillingar , som i Kjartan Fløgstads « Fyr og flamme » at koplingane og lakena på sjukehuset blir noko meir enn livets altfor prosaiske utgang , slik som i denne boka .
Slapp litterær omgang
Eit anna døme på slapp litterær omgang med stoffet er drøftingar av kvifor Bokhari valde å flytta tilbake til Pakistan frå det frie og søte livet i London .
På side 31 er det framstilt som den store gåta for dottera .
På side 25 har den samme bestemminga fått ei heilt opplagt og nokså endefram forklaring :
« I Pakistan hadde han alt » .
Boka røper endeleg materiale nok til ei interessant livsskildring og til studium av kulturar og kulturar i endring .
Kanskje kunne farsarven vore framstilt meir problematisk , som ei bør og som ei forbanna forplikting ?
Slike uærbødige spørsmål hadde kan henda forløyst eit lite fordøyd familiestoff .
I sum er « Arven etter far » hemma av for lojale og sterke familieband .
Truleg hadde historia blitt mykje meir lesverdig og interessant om Åshild Eidem skreiv henne på fri basis – og ikkje som Laila Bokharis hjelpande hand .
