Forelska i forelskinga
Lesaren må venta vel lenge før det tar av .
Det er ikkje greitt å vera femten , snart seksten år og utilpass hovudperson i Kristi Furubotns ( 1958 , debut 2001 ) ungdomsroman « Maria mi » .
Ho er forelska i den mykje eldre , kickboksande Johannes .
Ho er elles så på alle vis uerfarent naiv at det lett kan forvekslast med dumskap , der ho yrt forelska og svimmel roterer gjennom dagane sine , også utan fornemming av at besteveninna er like trulaus som posøren og svikaren Johannes .
Ho er nok meir forelska i forelskinga enn i Johannes der ho virrar utan festepunkt , verken i seg sjølv eller nærmiljøet .
I spegelen kan ho sjølv sjå at ho ikkje er så fin som ho burde og gjerne ville vera :
« Dessutan var haka litt for spiss , sett frå høgre . »
Dessutan slitst ho med matvegring , særleg for moras matstell .
Og ho slitst med ei parodisk mor , karakterisert med sine heftige rr-lydar i talen , ein helsekost og grønt-matfreak hekta på naturmedisinar , dragande på ein misjonærbakgrunn som nå har ført henne inn i engleterapien .
Om ikkje dette var gale nok , driv ho og les på Knausgård , kva nå det skal signalisera .
Faren er « snill » .
Han er revisor , og karakteriserast med sitt egenes-sprog ( « gollet » ) .
Dessverre driv han med uryddig ekteskapeleg bokføring og dame på si ’ , syner det seg .
Mora har ei åndeleg veninne som driv med gruppeterapi .
Dit blir Maria sendt .
Det er hysterisk .
Det er til saman så mykje av det vonde at den samla effekten blir pakkande monoman og litterært overlessa .
Noko mindre klisjepreg kunne gjera det .
Men viss ein held ut med det repetitive , ujamnt fortalte over eit lite register , tar « Maria mi » seg godt opp i den siste tredelen , der konfliktane toppar seg i haglande dialogar samstundes som forfattaren opnar for ei vidare forståing av den lidande , den anorektiske , Maria med så mange sjukehusopphald bak seg før forelskingshistoria opnar boka .
Så går det retteleg bra nesten til måls .
Men slutten er kliss sentimental .
Alt i alt :
Mykje av teksten er klaustrofobisk innpakka i seg sjølv ; men det losnar etter kvart .
