Kvinneblikk på mellomalderen
Flat formidling av historiske fakta og fiktive forviklingar .
I eit etterord fortel Ingeborg Askeland ( 1940 ) at ho byggjer på historiske og geografiske fakta , men sidan kjeldene « seier lite om korleis livet blei opplevd av vanlege kvinner i Nordhordland og Bergen på 1300-talet » , har ho sett « ord på det soga teier om . »
Perspektivet er feministisk .
Vi møter sterke kvinner som trassar maskulin makt og driv handlinga framover .
Utgangspunktet er Bjørgvin i 1290 .
Då blir den 7-årige prinsesse Margrete sendt til Skottland for å gifta seg .
Om ho døydde undervegs eller hamna på kloster i Lübeck , før ho kom tilbake til heimbyen og blei brent som heks i 1301 , er eit ope spørsmål .
Kvinnene som trur på St .
Margrete , dannar eit laug og utfører gode gjerningar i det mannsdominerte samfunnet .
I det forbodne kvinnekollektivet står Inga sentralt .
Ho er ei kunstnarsjel som veks opp på ein kongsgard , og som først seint får vita sanninga om slekta si .
Ho må kjempa for kjærleiken og maktar å leva ut treskjerarkallet sitt trass i dårlege odds .
Siste scene utspeler seg i 1365 .
Då har både ho og lesaren lært leksa si .
Også i mellomalderen var livet prega av klasse og kjønn , religion , slit , svolt , sjukdom og vald .
Konfliktane er mange og kjenslene så høgstemte at den triviallitterære klangen ofte blir plagsamt tydeleg .
Ved bruk av historisk presens , eit stort persongalleri , broten kronologi og allvitande , tredje personssynsvinkel skapar forfattaren ein roman som ofte verkar overlessa og overtydeleg .
Ho ville ha tent på leggja seg tettare på arven frå dei islandske ættesogene der perspektivet er autoralt og strengt refererande , blotta for den typen tankereferat og emosjonelle utsegner som « Margretesirkelen » er så full av .
I staden for å avdekkja personane sine kjensler og refleksjonar gjennom sceniske opptrinn , får vi her vita at « Det brenn i henne » , medan « Ho smeltar saman med han i eit bål av lyst , ei glede som brenn høgare og høgare » .
Så sjølv om engasjementet er stort og sakkunnskapen held mål – nokon språkleg triumf er boka ikkje .
