Sakprosa :
Frp – sett frå andedammen
Ei pirrande historie om strid og skandalar fortel oss lite om kvifor Frp vart ein suksess .
Gunnar Ringheim :
Frp – rett fra levra 424 sider Gyldendal
Framstegspartiet er - kanskje ved sida av Arbeidarpartiet – det mest omskrivne politiske partiet i Norge dei siste åra .
Ei rekkje bøker har forsøkt å fortelja historia om partiet og forklara Frp sin formidable suksess .
Frå innsida har framståande Frp-politikarar , med Carl I. Hagen i spissen , gitt sine versjonar i bokform .
Og partiet sin først avgåtte statsråd , Robert Eriksson , er alt på bokmarknaden med memoarar .
Ennå manglar me rett nok det store , uavhengige , faghistoriske verket om Frp .
Men det har me heller ikkje fått med Dagblad-journalisten Gunnar Ringheims « Frp – rett frå levra » , med dei tabloide undertitlane « En historie om svik , løgn og suksess » og « Det største politiske eventyret i Norge » .
Ringheim fortel i forordet at han byggjer på fem hundre timars bakgrunnssamtalar og intervju med 80 nåverande og tidlegare medlemmer av partiet .
Han har valt å fortelja historia om Frp « ved hjelp av stemmene til de sentrale aktørene i et parti de aller fleste trodde skulle bli ei døgnflue . »
Forteljaren forsvinn
Det begynner ganske bra .
Historia om Anders Lange og hans parti , og om Carl I. Hagen og hans veg mot partitoppen , er interessant og underhaldande framstilt .
Men etter kvart som ein blar seg gjennom sidene , blir mangelen på analyse , kjeldekritikk og eit samanbindande grep stadig meir irriterande .
Til slutt blir forteljarstemma heilt borte , og boka artar seg som eit serieintervju som i bolkar kunne ha fungert brukbart som avisreportasje , men som ikkje forsvarer bokformatet .
I staden for oppsummering og eigne konklusjonar avsluttar Ringheim med å intervjua åtte observatørar - samfunnsvitarar , kommentatorar og samfunnsdebattantar .
Lesaren sit med kjensla av at forfattaren har gått lei av sitt eige prosjekt , og helst vil bli ferdig .
Ved å konsentrera seg om dei sentrale aktørane , lukkar boka seg inne i andedammen der toppolitikarar og politiske journalistar til dagleg plaskar .
Me får vita mykje om maktkampar , personlege motsetningar , skandalar og meir eller mindre vellukka utspel .
Mykje er rett nok kjent frå før , men som innblikk i spelet bak kulissane er boka til tider pirrande .
Ringheim får god hjelp av ein partikultur der det ikkje har vore tradisjon for å leggja skjul på verken sympatiar , antipatiar eller personlege ambisjonar .
Partieigaren Carl I. Hagen har her sett standard , på godt og vondt .
Det er rett og slett pinleg å lesa om hans smålege oppførsel overfor partifelle Inger Marie Ytterhorn etter at ho nekta å vika plass for han i Nobelkomiteen .
Veljaren er fråverande
Det lesaren må spørja seg om , er korleis denne samanhengande soga om personleg og politisk strid kunne bli til « det største politiske eventyret i Norge » .
Det prøver forfattaren altfor sjeldan å gi svar på .
Veljarane er det heile ganske fråverande i boka , anna enn som tause statistar som blir representerte av valresultat og galluptal .
Samspelet mellom partitoppar , organisasjon og folk er ikkje det som interesserer Ringheim mest – heller ikkje korleis endringane i det norske samfunnet sidan partistiftinga i 1973 kan ha skapt vekstvilkår for eit parti som Frp .
Typisk nok manglar bøker som « Frp-koden » av Magnus Marsdal og « Høyrepopulismens hemmeligheter » av Ketil Raknes på litteraturlista hans .
Utan å forlanga at Ringheim skulle ha skrive ei heilt anna bok enn det han har , må det vera lov å peika på at tilnærminga hans gjer det vanskeleg å gi ei god forklaring på kvifor Frp er blitt den viktigaste nykomaren på den norske politiske arenaen sidan krigen .
I rettferds namn må det til slutt seiast at Gunnar Ringheim skriv lett og godt , at eg sette mange utropsteikn i margen under lesinga , og at boka blir avslutta med ein nyttig faktadel .
