Året som delte tida
Året 1945 har fått eit storslått historisk portrett .
Datoar er greie knaggar å henga historiske hendingar på .
Men dei kan også vera farlege .
For oss i Norge og Vest-Europa er 8. mai 1945 ein slik knagg .
Det blir flagga for fredsdagen kvart år , og i år , på 70-årsdagen , blir markeringa ekstra stor .
8. mai deler tida mellom krig og fred .
Og ganske visst var dei regulære kamphandlingane over i Europa etter den tyske kapitulasjonen ( japanarane heldt ut tre månader til ) .
Dei krigsherja folka gjekk derimot inn i ein kaotisk overgangstilstand der kampen for å overleva ofte trumfa moralske normer , der hemnarar tok seg til rette og opportunistar snodde seg , men også der ein ny idealisme voks fram og utfordra brutaliteten og kynismen .
« År null » er eit portrett av året 1945 .
Det er ei historieframstilling av sjeldsynt kaliber , både i breidd og innsikt .
Så har då også Ian Buruma eit uvanleg godt utgangspunkt .
Den engelsknederlandske historikaren er spesialist på Asia og islam , professor i menneskerettar og journalistikk ved Bard College i New York , og hadde attpå til ein far som var i tysk arbeidsleir under krigen , og som i motsetning til mange andre , gjerne snakka om opplevingane sine .
Dermed blir boka også delvis eit personleg prosjekt , sjølv om Buruma er fødd seks år etter krigen .
Forfattaren er på heimebane ikkje berre i Tyskland , Storbritannia og Nederland , men også i Japan , Indonesia og på Filippinane .
« År null » er eit meisterverk i samanliknande historie , men også i mentalitetshistorie .
Buruma bruker skjønnlitteratur , populærkultur , dagbøker , samtidige skildringar og minnestoff til å teikna tidsbildet sitt .
Og i dette bildet er sex og svartebørs like interessant som storpolitikk .
Bildet har dessutan mange nyansar i grått .
I 1945 var det ikkje alltid lett å sjå forskjell på skurkar og heltar , sjølv om enkelte gjorde sitt beste for å framstilla verda i svart-kvitt , då som nå .
Menneske som har lidd mykje , er ikkje alltid edle og sympatiske .
Konsentrasjonsleirfangane var ikkje alltid takknemlege overfor frigjerarane sine .
Dei som var på « rett » side , var ikkje frie for brutalitet .
Syndebukkar vart blinka ut , og uskuldige sende i døden ved misforståingar eller fordi det vart vurdert som politisk nødvendig .
Dei sovjetiske krigsfangane i Vest-Europa vart regelrett lurte av britane tilbake i Stalins famn , og i mange tilfelle til ein ny forferdeleg leir .
Seinare historikarar har ofte etterlyst eit tydelegare oppgjer etter krigen , og forundra seg over kor mange krigsforbrytarar som fekk gå fri og kor fort ein gjorde seg ferdig med kritikken av nazismens tankegods .
Til dei har Buruma dette å seia :
Folk orka ikkje .
Dei allierte prøvde rett nok å driva antinazistisk omskulering av det tyske folket , med tvangsframsyning av filmar frå konsentrasjonsleirane .
Det var lite populært .
Mange tyskarar greidde rett og slett ikkje ta det inn over seg , og reagerte med mental sperre .
Men framfor alt hadde menneska meir enn nok med å skapa seg eit nytt liv blant ruinane .
Då var det ikkje rom for å dvela ved fortida , ein måtte sjå framover og tenkja praktisk .
« Kanskje menneskets opportunisme iblant er dets nyttigste karaktertrekk » , skriv Buruma .
Skulle etterkrigssamfunna kunna fungera , var det uråd å straffa eller utelukka alle som hadde svin på skogen .
Då heller godta at nokon snudde kappa etter vinden , og i det minste fekk gjera nytte for seg .
Likevel vedgår han at det ufullkomne oppgjeret hadde sin pris .
Både Tyskland , Japan og Italia opplevde på 1970-talet ein framvekst av valdelege , revolusjonære grupper som var motiverte av ei overtyding om at fascismen aldri var slått ned , men levde vidare i nye former .
Dei var rett nok ikkje mange .
Og for dei aller fleste både i og utanfor dei tidlegare fasciststatane , var den radikale endringa eit meir slåande trekk enn kontinuiteten .
Men sjølv om oppgjeret var ufullstendig og til tider urettferdig , viser Buruma at det var stor forskjell på dei landa som forsøkte å leva etter rettsstatens normer og dei som ikkje gjorde det .
Sovjethærens valdtektsorgiar i det okkuperte Tyskland var sanksjonerte frå høgaste hald .
I Jugoslavia , Frankrike og Italia vart tusenvis drepne i hemnaksjonar utan lov og dom .
Kontrasten er stor til Robert H. Jacksons , USAs aktor i Nürnberg :
« Vi må aldri glemme at på den grunn vi dømmer disse tiltalte , skal vi selv dømmes i morgen » .
Jacksons ord peikar fram mot FN og andre forsøk på å skapa ein sivilisert internasjonal rettsorden .
Idealismen var stor , og ofte illusorisk .
Men også dét var ein del av det kaotiske år null som
Ian Buruma så storslått har attskapt for oss .
Christian Rugstads omsetjararbeid står også til toppkarakter .
