Tanke-vekkande dystopi
Ei av dei beste av nykomarar dei siste par åra .
Forfattar :
Jan Roar Leikvoll
Forlag :
Det Norske Samlaget
Hovudpersonen , ein gut , lever på restane av eit samfunn der den sterkastes rett gjeld .
Far er sterk , mamma veik , storesyster død – og veslesyster døande .
Sjølv har han eit punkt på ryggen der kjøtet er i ferd med å rotne .
Livet er for alle eit helvete , frykteleg varme dagar – kalde netter , stormar Alle går nakne , kvar bølgjeblekkrønne har ein skithaug – steget før latrine .
Kannibalisme , rotter og villhundar som mat – det er ei gruppe menneske som har mist det meste av humanitet .
Det einaste lyspunktet eg-personen har , er bestefaren som bur for seg sjølv og har ein fiolin .
Han får etter kvart tak i ei kule som spreier vakre farge-strålar – korleis skal eg ikkje fortelje .
Gutungen blir sliten mellom å vere barsk og rå som far – og det å tillate seg å godta at han har evne til medkjensle .
Verken tid eller stad er nemnde , men iblant kjem det fly som droppar mat over ruinhaugen der eg-personen og eit ukjent tal menneske held til .
Den intense varmen peikar i retning av ei ikkje altfor fjern framtid .
Romanen kan også tolkast som eit politisk innspel – og lesen slik er det ein dyster , ung mann som talar .
Debutromanen Eit vinter-eventyr ( 2008 ) fekk mykje og positiv merksemd .
Fiolinane er eit prov på at den vanskelege 2. boka kan vere minst like god som debuten .
Romanen er ein velskriven dystopi – ei av dei fælaste bøker eg har lese .
Og ei av dei beste av nykomarar dei siste par åra .
