Nakent og nærgåande om angst
Gjennomtrengande , lammande redsle for å trå gale , for å misse , for at kvardagen skal bli øydelagd , for det ukjende og skrekkfylte
Vaskesetelen kallar tekstene noveller , i boka blir ingen sjanger oppgjeven .
Fleirtalet av tekstene er noveller , men alle er det ikkje .
Det betyr lite , dei 20 korttekstene er sjølvutleverande – og – det formeleg gnistrar av fleirtalet .
" Ønske " heiter den første teksten – ei flott novelle – som grunnleggande handlar om angst og eit sterkt ønske om vern og tryggleik .
Den siste teksten heiter " Den du frykter " , og nøkkelordet her er lovnad – om vern mot vonde og uhandterleg angstkjensler .
Det er ei mamma som fører ordet i båe tekstene , og sjølv om det berre er i den første at forfattaren ganske direkte peikar på ektemannen Karl Ove Knausgård , er det ganske opplagt at båe har sjølvbiografiske trekk .
Tekstene er tematisk varierte : barndomsminne , eventyrprega tankespinn , kvardagsskildringar , kjærleiksmøte .
Men det er kvinner som er hovudpersonane heile vegen , barn , unge jenter , vaksne og eldre kvinner – mange av dei mødrer .
Kvinnene er svært ulike , men absolutt alle , frå dei yngste til dei eldste , ber på angst .
Gjennomtrengande , lammande redsle for å trå gale , for å misse , for at kvardagen skal bli øydelagd , for det ukjende og – for kvinnene i denne boka – det skrekkfylte .
Det er nakne tekster , desperate , gjennomlevde , påtrengande .
Dei lever , dei er nærgåande , dei er påtrengande .
Eg greip meg sjølv i å sjå " Skrik " for meg , det verdskjende måleriet til Edvard Munch .
Ei klassisk novelle skal helst ha eit såkalla vendepunkt .
Det har mange av tekstene i denne samlinga , og iblant er det utruleg overraskande .
I novella “ Usett landskap ” , der første delen er lagd til ei jernbanevogn , ergrar hovudpersonen seg over ein mann som snakkar i telefonen – og gjev høgt og tydeleg uttrykk for det .
Slutten er lagt til ei seng , der dei to har ei intens hyrdestund …
Den 17. november 2011 skreiv Dagbladet :
" Under arbeidet med " Min kamp 6 " ville Karl Ove Knausgårds kone Linda Boström Knausgård ta sitt eget liv og hun ble innlagt med depresjoner og mani .
Nå utleverer Knausgård alt . "
Det er umuleg å lese " Grand mal " utan å ha det mentale samanbrotet til forfattaren i bakhovudet , og sjølv om forfattaren sjonglerer med ulike namn på kvinnene i tekstene , meiner i alle fall eg at dei aller fleste har tatt utgangspunkt i sjølvopplevde hendingar .
Språket er eit kapittel for seg .
Boström har gjeve ut ei diktsamling , og ein del av forteljingane har sterke prosalyriske trekk .
Bildebruken kan vere dramatisk .
I " Lungene og regnet " , meir skisse enn novelle , har ei kvinne lege lungesjuk i eit halvt år og ser for seg :
" Bakgården består nå av svelgebevegelser og gurgling .
Som gapet til en gammel mann .
Som et rustent avløp .
Nå beveger ormene seg der nede .
Slynger seg rundt hverandre med fornyet kraft . "
