Godt om død og sorg
Sterkt og ekte om sorgarbeid i trygge omgjevnader – og eldgamle myter som hjelpemiddel .
Forfatter :
Guro Sibeko
Forlag :
Cappelen Damm
Kaspara og mamma er ute og ror .
Brått kjem sterk vind og båten havarerer .
Mamma , utan redningsvest , druknar .
Kaspara , med vest , overlever som ved eit under .
Ho er overtydd om at mamma aldri får fred , at ho er tapt for alltid .
Dette vil ho gjere noko med .
I ei « Svartebok » finn Kaspara kva som skal til , og så får ho i tur og orden ei huldrejente , haugkallar , alvekongen og nøkken til å hjelpe seg – dels vitande , dels uvitande om at dei gjer det .
Ramnane Tanke og Minne , vikingen Yggralf jarl – og sjølve Odin – vi møter mange frå eldgamle myter , segner og eventyr i denne boka – der hovudpersonen ikkje skil mellom verkeleg og uverkeleg .
Folkloren ho har fått formidla av mamma og mormor – som døyr like etter mamma – er like reell som pappa , skule og vener .
Kjerneforteljinga i boka er soga om korleis Kaspara , modig og respektlaust , kjempar for å fri mamma frå draugen .
Det er godt litterært handverk .
For barn frå 9-årsalderen – fram til 12 år – er « Blodmånenatta » ein « pageturner » .
Språket er nakent , med innslag av rim og rytme .
Blyant— og kolstiftteikningane til Knut Andre Solberg er fulle av drama og fungerer svært bra .
« Blodmånenatta » alias « Halloween » er barnelitteratur det er ein fryd å lese – og anbefale .
Boka kan gjerne lesast høgt av mamma , bestemor , pappa eller bestefar – til dømes på sengekanten .
