Natur-mystikk med humor
Naturlyrikk eller språklege meditasjonar ?
I alle fall er det ei bok ein vert rik av å lese .
« Grenda grev ned sine dagar » heiter det på side 12 i denne uvanlege diktboka .
Det er lett å sjå kva det tyder .
Tida går .
Grenda i dag er ikkje det same som grenda i går .
Og ein dag er grenda borte .
Så einfelt , og så presist kan det seiast .
Kjartan Hatløy er ei sterk røyst i norsk poesi for tida .
Ti bøker har han gjeve ut på snart 20 år .
Ikkje at eg har lese dei alle .
Men sidan eg møtte boka « Fjord » i 2011 har eg vore « fan » , om ein kan seie det slik .
Hatløy grip tak i det nære .
Ein veg med lyktestolpar , ein sving , ein fjordarm , ei li , eit stup , ein berghammar .
Det er her vi er .
Og så er vi i universet .
Mellom menneske og stjerner .
« Veglys lyser / strøymer ned på den slakke bakken / lys fell som er kvitare enn sukker , kvitt som flytande stål / eit sort mørkre er i ein elsk med kvar av desse / det vart så glad då dei kom » .
Mørkret i elsk med lyset frå lyktestolpene ?
Mørkret vart glad då lyset kom ?
Det går an i Hatløys språk .
Sol , fugleartar , ei li med einebusker , synsrand , auge , blomar og tre , maur , hjort , bergnut og elv , holme , juv , oter og fossekall , menneskebarn , fjordhest , tistel , ramn og ørn — alle desse er med , det er så konkret , så nært og så naturleg alt saman .
Men så er det årstide r , vår , sommar , haust og vinter , og så er det barndom , ungdom , mogne år , alderdom og død .
Alt er med her , både på og mellom linjene .
« Grashoppene bur i spelet sitt » , havørna er « sjølvaste svevande himmelkvelveigaren » .
Tidleg i boka heiter det at « dødsdagen / har vi nok sol i lommene for ein milliard år / så mykje vi møtest » .
Til slutt heiter det , om havørna , som kjem « frå ei større reise enn vår » - ho sender eit blikk til jorda og det råkar « alle nede på tunet » .
« Dei vart fint kledde i det .
Ja / nokre sekund , ei lita tid / verka dei oppkledde » .
Naturmystikk med humor vil eg kalle det .
