Roman til karakter 6 :
Historia ( s ) om eit brotsverk
Innhaldsrikare og formsikrare norsk roman er ikkje lett å finna .
Jørgen Norheim :
Aldri redd for mørkets makt .
Roman 316 sider .
Samlaget
Det er langt mellom bøkene til Jørgen Norheim ( 1952 , debut 1992 ) .
Til gjengjeld har dei sjeldsynte kvalitetar - ein romankonstruksjon som « Aldri redd for mørkets makt » lar seg elles ikkje produsera i ein snipp snare :
På éin gong er han ein slektsroman over fire generasjonar , der karakterane utover å ha sine eigne liv også personifiserer eit heilt hundreårs politiske kamp og medvitsendringar her heime , mens han syner korleis draumen om den store sosialistiske revolusjon utvikla seg til bestialsk mareritt i Sovjetunionen .
Også korleis han i første fase tok livet av ein idealistisk nordmann som stilte sitt eige og familiens liv til teneste for det store kommunistiske prestisjebyggverket som Kvitesjøkanalen var på 1930-tallet , utført av slavearbeidarar og utskrivne .
Og held fram med 1970-tallets store forstandsformørkning her heime , der revolusjonære ( AKP-ml ) og meir moderate sosialister brukte meir tid på å bekjempa kvarandre enn kapitalkreftene , mens dei la eigne privatliv i ruinar .
Historia til desse personane går vidare heilt inn i fjerde ledd og dette hundreåret , då Norheim ved hjelp av oldebarnet Hege både rekonstruerer kanalingeniørens sjølvutslettande liv og hennar eigen fars dødelege jakt på bestefarens historie på russisk jord .
Og dét alt mens han syner koss nokre av syttitalets radikale forblåsarar i dag sit øvst på pengebingar og maktapparat .
Det er ikkje altså ikkje småtteriar Norheim på teknisk overlegent vis skriv saman i éin kontrapunktisk , oversiktleg romankonstruksjon , framført frå ein innforstått og lun tredjepersonposisjon , med hugskott og direkte tale til lesaren , alt mens han hevdar uttalte politiske og moralske standpunkt .
Alt ihop er sett frå vår eiga hottelause samtid , ein stad « der den totale toleransen rår » - og nær-historiske kunnskapar og medvit er prekær mangelvare .
Både i innhald , sjølve historia , og konstruksjonsmessig , ned til verbale detaljar , er Jørgen Norheim på litterær linje og lag med Kjartan Fløgstad .
Og dermed nesten fullrost .
Meir om litteratur frå Jan Askelund :
