Torvunderlege langdikt og hypnotiske nyperoser
Torvunds mest omfangsrike og rike diktsamling så langt .
" Det er umogeleg å avgjera om denne tjukke og innhaldsrike boka / er tung eller lett " .
Dette skriv ein røynd lyrikar , sjølve nestoren blant rogalandspoetar .
Ja , eg veit det finst andre som debuterte tidlegare , men Helge Torvund ( f. 1951 , deb. 1977 ) er den som har halde seg trufast til sjangeren som til eit kall i snart 40 år .
Og ja , det er uråd å fella ein avgjerande dom om hans siste samling , så eksperimenterande og rik og vidtfemnande er ho , og det er definitivt ein styrke .
Det klassiske ordet cornucopia , eit overflodshorn , melder seg raskt .
Har du problem med denne boka , så må det truleg vera det ein kallar eit luksusproblem .
Torvund har kome til eit punkt der han tek alle sjansar :
Han gjev alt , heile seg , i skrift .
" Ei boksamling med myrmyter lagra i tusen karbonår og nyskrivne torvunderlege / kortdikt i timeglaset si sandtid " , heiter det vidare i same sekvensen , som rett nok ikkje fyrst og fremst handlar om akkurat denne boka , men om det " biblioteket " av biologisk , geologisk og arkeologisk informasjon som er lagra i ei torvmyr på Jæren .
Likevel er parallellen klår , sjølv om det no som i dei siste par samlingane hans meir er tale om langdikt enn kortdikt .
Også det er frigjerande , og her speglar dessutan den lange diktforma det store formatet på heilskapen .
Dette er ikkje berre eit spørsmål om sidetal , sjølv om boka er fire gonger så lang som ei gjengs norsk diktsamling – ikkje berre eit spørsmål om kvantitet , men også om kvalitet .
For boka er ikkje berre lang , ho er også brei – i tema og tanke , stil og stemning , kjensle— og uttrykksregister .
" Hypnotiske nyperoser og lukta av nedbrent hus " :
Det kan stå som ein poetisk formel for Torvunds arbeidsmåte og estetikk i desse tekstane .
Alt skal med , dei næraste sansingar og dei fjernaste assosiasjonar , det vakre og det stygge side om side , gjerne på same verseline .
Livsrøynsle , livstrugande sjukdom , aldring – det er som om nærleiken til døden har gjeve ein større nærleik til livet .
Frå å ha vore alvorleg sjuk , har han blitt " alvorleg frisk " , fri til skapande galskap .
Etter eiga utsegn har Torvund i dei seinare åra nytta meir aktivt hypnoseteknikkar på seg sjølv under arbeidet med diktskriving .
Eg ser ein litterær vinst av dette i hans seinare , meir ekspansive stil .
Torvund har alltid hatt ein særeigen styrke i biletfantasien , naturtalentet for metaforiske metamorfosar , men i seinare tid er det som om dette er intensivert – ja nettopp til hallusinatoriske høgder .
Nyperosene kan verkeleg verta hypnotiske og dikta torvunderlege i denne prosessen .
Når det gjeld ei så raus og livgjevande samling , ville det vore småleg å krangla om einskildtekstar .
Alt vil ikkje framstå som like viktig og vektig for alle .
Og diktaren sjølv hevdar aldri at resultatet ikkje kan vera ujamt , om eg skjønar han rett .
Her kan alle finna noko for seg .
Noko av det beste for meg finn eg i bolken der alle dikta byrjar " Alle ventar på ... " , fylgde av eit førenamn .
Det er helsingar og hyllingar til medmenneske og medkunstnarar , i fortid og notid .
Her er dei brå omskifta og hypnotiske kasta verkeleg eit driv og ei kraft .
