Dette emnet er nedlagt

KRIS2204 – Religion, stat og kyrkje i dag

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Kurset dreier seg om religion i Noreg i dag:

  • Religion og politikk
  • Den fleirkulturelle situasjonen
  • Noko religionssosiologi: Kva trur folk? Kva gjer folk?
  • Kyrkjene i samfunn og statsskipnad; kyrkjeskipnaden frå reformasjonen til i dag - dei politiske og administrative og rettslege relasjonane.
  • Organisasjonane

Kva lærer du?

Studenten skal kunne forstå meir av "det religiøse Noreg" og religionen som samfunnsfenomen og utvikle skjøn for dei lange liner bakover; den historiske relasjonen mellom stat, kyrkje og samfunn er bakgrunn for stoda i dag. Studenten skal òg verte kjent med dei politiske partia sin religionspolitikk og med tilhøvet religion - politikk - samfunn og kunne fylgja og forstå den aktuelle debatten som Gjønnes-utvalet venteleg løyser ut.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet forutsetter et minimum 20 studiepoeng på 1000-nivå innenfor fagene kristendom, teologi eller religionsvitenskap. Primært KRIS1001 – Kristendommen: Historisk innføring (nedlagt) og KRIS1002 – Livssyn og religion i Norge- konflikt, dialog, forandring (nedlagt) eller REL1003 – Verdensreligioner i moderne samfunn.

Undervisning

Førelesningar og inviterte gjester med særleg innsikt og meiningar. Presentasjonar av arbeidskrava.

Obligatorisk arbeidskrav: skriftleg presentasjon éin gong i semesteret - inntil fem sider

Ein munnleg presentasjon kan veljast istadenfor den skriftlege i forståing med faglærar.

Eksamen

Forberedt muntlig prøve.

Studentene får hovedspørsmålene utdelt 1t før eksamen og samtalen varer inntil 45 minutter.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Vår 2010

Eksamen

Vår 2010

Undervisningsspråk

Norsk

Kontakt

TF-infosenter