Dette emnet er nedlagt

RESA4205 – Dialogfilosofi og dialogdidaktikk

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Studieemnet har fire hovudbolkar.

  1. Du vil få ei innføring i det nye kultur- og religionsmøtet og oversikt over aktuelle utfordringar til religionsdialog.
  2. Du vil få kjennskap til nokre moderne klassikarar innanfor dialogfilosofien, samt nyare dialogfilosofiske tekstar til religionsmøtet.
  3. Du vil også få ei innføring i dialoghermeneutikk, med fokus på forholdet mellom Bibelen og Koranen og deira tolkarar.
  4. Endeleg vil studieemnet gi ei innføring i dialogdidaktikk, relatert til aktuelle utfordringar når det gjeld religionsdialog, filosofisk samtale og toleranselæring i skulen.

Kva lærer du?

Du vil få kjennskap til ulike dimensjonar ved kultur- og religionsmøtet, få innsikt i ulike former for dialogfilosofi, og bli fortruleg med hermeneutiske og didaktiske tilnærmingsmåtar til religionsdialog i skulen.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Gjennomført bachelorstudium med relevant fagleg fordjuping innanfor etikk-, religions- og kristendomsstudiar, eller tilsvarande. Andre søkere med bachelorgrad innen relevante fagområde vil kunne søkje enkeltemne opptak.

Undervisning

Obligatorisk aktivitet:
Innlevering av to refleksjonsnotat.

Emnet inkluderer eit sett med nettleksjonar. I semester der det ikkje blir gitt undervisining i emnet, kan det etter avtale takast som leseemne.

Eksamen

3-dagars heimeeksamensoppgåve på 3000-4000 ord.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Studenter som pga gyldig frafall (sykdom o.l.) ikke har kunnet gjennomføre ordinær eksamen, kan søke om å få avlegge utsatt eksamen. Utsatt eksamen arrangeres enten senere i samme semester eller tidlig i semesteret etter ordinær eksamen. Dokumentasjon på gyldig fravær må legges ved søknad om utsatt eksamen, jf § 5.5 i Forskrift om studier og eksamener ved UiO

Studenter som har strøket til eksamen kan søke om å få avlegge ny eksamen. Ny eksamen arrangeres enten senere samme semester, eller tidlig i semesteret etter ordinær eksamen.

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Master

Undervisning

Vår 2010

Haust 2007

Eksamen

Vår 2010

Haust 2007

Undervisningsspråk

Norsk

Kontakt

TF-infosenter