Opptaket for våren 2018 er avslutta.
Lista med ledige emne for hausten 2018 blir lenka opp her på ettermiddagen 20. august 2018.
Søknadsprosessen har fleire steg:
Steg 1: Søk om å bli enkeltemnestudent innan 1. august 2018
Du kan søkje frå 15. juni 2018.
Du må søkje viss du:
- ikkje er registrert hos UiO med generell studiekompetanse (GSK). Slik sjekkar du i Søknadsweb om du er registrert med GSK.
- ønskjer å ta emne i informatikk og realfag. Sjå spesielle opptakskrav for informatikk og realfag.
Last opp dokumentasjon
- Du må laste opp dokumentasjon i Søknadsweb på at du dekkjer alle opptakskrava.
- Har du elektronisk vitnemål i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB), treng du ikkje laste opp bilete av papirvitnemålet viss du samtykker til at vi kan bruke dette i Søknadsweb.
- Vi kan be deg leggje fram originaldokumentasjon. Om du ikkje viser fram originalane på førespurnad, får du avslag på søknaden. Sjå også falske dokument.
Slik gjer du det i Søknadsweb.
Steg 2: Meld deg til ledige emne frå 21. august kl. 9
- Frå 21. august kl. 9 kan du søkje på enkeltemne i Studentweb.
- Først-til-mølla-prinsippet gjeld, og du får svar med éin gong.
- Nokre emne har krav til forkunnskapar.
Slik søkjer du på enkeltemne i Studentweb. Gjer deg godt kjent med rettleiinga før du loggar inn.
Steg 3: Registrer deg og betal semesteravgifta
- Registrer deg og betal semesteravgifta. Betalingsopplysningane finn du i Studentweb.
- Fristen er 1. september 2018.
- Krav om Kopinor-avgifta, kr 100, blir først synleg tidleg i februar. Da får du e-post om at du må betale ho. For emne i realfag og informatikk betaler du Kopinor-avgifta samtidig med semesteravgifta.
Kontakt Knutepunktet
– for spørsmål om søknadsprosessen, opptakskrava eller anna praktisk
Om enkeltemne
- Enkeltemne på masternivå
- Aktiv studierett eller ikkje
Fann du det du leita etter?