Søke på grunnstudium

Du søker på grunnstudium via Samordna opptak. Grunnstudium er bachelorprogram, årseiningar, femårige masterprogram og seksårige profesjonsutdanningar som ein kan starte på etter vidaregåande skule.

Søknadsfrist

Hovudfristen for å søke i 2022 er 20. april kl. 14.00, men visse søkargrupper må søke innan 1. mars (samordnaopptak.no).

Slik søker du

Hos Samordna opptak:

  • søker du i nettsøknad (frå 1. februar)
  • finn du meir informasjon om fristar, krav, framgangsmåte og poengberekning

Gå til Samordna opptak

Opptakskrav

For å bli student ved UiO må du ha generell studiekompetanse. På nokre studieprogram er det i tillegg krav til bestemte fag frå vidaregåande skule, spesielle opptakskrav. Søkarar som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søke om opptak på bakgrunn av realkompetanse.

Kontroll av originaldokumentasjon

Når du søker om opptak til grunnstudium ved UiO, er du sjølv ansvarleg for at dokumentasjonen du sender inn er rett. Urette eller misvisande opplysningar kan føre til at du mistar studieretten din, jf. § 7 i Forskrift om studier og eksamener ved UiO.

I løpet av fyrste semester vil UiO be eit tilfeldig utval av søkarar som er tatt opp om å legge fram originale vitnemål og attestar. Forfalskingar blir ramma av Straffelova, § 361 og vil alltid bli meldt til politiet.

Rangering

Grunnstudia ved UiO er adgangsregulerte med opptak ein gong i året. Kvalifiserte søkarar blir rangerte etter poeng. Rangeringsreglane er fastsette i forskrift om opptak til høgre utdanning (lovdata.no). Kvalifiserte søkarar som ikkje kan bli poengberekna, blir rangerte i forhold til poengberekna søkarar ved hjelp av ei skjønnsmessig vurdering, jf. § 7-12 i forskrift om opptak til høgare utdanning.

Samordna opptak informerer om korleis du kan rekne ut poenga dine (samordnaopptak.no).

Har du utdanning frå utlandet, men bur i Noreg?

Søkarar med permanent eller fornybart opphaldsløyve i Noreg søker gjennom Samordna opptak. Framgangsmåte og opptakskrav (engelsk).

Internasjonale søkarar

Ikkje-nordiske søkarar utan permanent eller fornybart opphaldsløyve har eigne opptak utanom Samordna opptak. Informasjon om fristar, opptakskrav og søknadsprosedyrer finn du på nettsida for internasjonale studentar.

Kontakt

Knutepunktet - sentralt studentinformasjonssenter

Publisert 12. mai 2010 11:02 - Sist endra 5. jan. 2022 13:17