Mulig masterprosjekt - Åpent kontorlandskap

Ide til masterprosjekt - opent kontorlandskap

Forskningsgruppa Klinisk effektforskning (sjå link under) har ein (master)prosjektide som vi gjerne ville hatt ein masterstudent med på, og tenker kan passe som ein prosjektide for ei masteroppgåve.

Klinisk effektforskning skal bytte kontorlokale og gå over i opent kontorlandskap med kreative sosiale «arbeidsreglar»: Ingen faste arbeidsplassar (ikkje sitte samme plass kvar dag), bruke innesko, felles "bibliotek" for alle bøker, eige skap å låse inn saker, bruke møterom til å ta telefonar /snakke saman etc. Er det andre konsekvensar i opent kontorlandskap for ei gruppe som driv med forsking enn for andre arbeidsoppgåver?

I den anledning ynskjer vi å bli forska på - kva den nye kontorløysninga får av både positive og negative konsekvensar for arbeidsproduktivitet og sosialitet i gruppa: for arbeidsmiljø, gruppedynamikk, kreativ prosess, om vi jobbar meir eller mindre effektivt, om fleire vel å jobbe heime, om vi samarbeider betre/dårlegare.

Masterstudenten/studentane vil står fritt for å lage eige opplegg for dataproduksjon og teoretisk tilnærming, og vi tenker oss ar veiledning vil foregå ved instituttet der studenten er tatt opp på masterprogrammet. Vi er spesielt opne for deltakande observasjon og andre kvalitative tilnærmingar.

Vi vil flytte inn i kontorlandskapet i løpet av september (oktober) og vil inkludere studenten så tidleg så råd i prosessen, også for å bli betre kjende med oss i gruppa. Datainnsamling kan altså starte allerede i september/oktober - eller vente til neste semester/januar.

Litt om forskningsgruppa

http://www.med.uio.no/helsam/forskning/grupper/klinisk-effektforskning/

Kontakt

PhD Stipendiat ved Institutt for helse og samfunn - Dagrun Kyte Gjøstein

Mail: d.k.gjostein@medisin.uio.no

Publisert 29. sep. 2016 14:10