Lederassistent

Palma Larsen jobber med forskningsbistand og anbudsprosesser ved Norsk institutt for vannforskning

foto: privat

Palma anbefaler og prøve nye ting og se utover typiske OLA-områder som HR, når du tenker på jobb.

Hvorfor valgte du å studere Organisasjon, ledelse og arbeid?

Som bachelorstudent i sosiologi på UiO tok eg fordjupningsemnet Organisasjon, leiing og arbeid og blei interessert i kor stor rolle organisasjonar spelar i kvardagen vår. Før eg byrja på OLA tok eg også eit årsstudium i økonomi og leiing, der det var eit heilt anna fokus på organisasjonar som økonomiske institusjonar. Eg var meir interessert i å sjå på det sosiologiske aspektet ved organisasjonar og korleis dei fungerer, og søkte derfor på OLA.

Hvordan fikk du din nåværende jobb?

Eg fann stillinga på finn.no og sendte inn søknad, og fikk jobben etter to intervjurunder.

Hva tror du var de viktigste faktorene for at nettopp du fikk jobben?

Nokre av mine hovudoppgåver er knytta til gjennomføring og forbetring av interne prosessar, og eg fekk tilbakemelding om at mi utdanning frå OLA og erfaring frå prosjektforum var svært interessant. I tillegg har eg arbeidsoppgåver knytt til oppfølging av prosjektøkonomi, så økonomistudiet talte òg positivt.

Hva er dine hovedarbeidsoppgaver?

Eit viktig aspekt ved mi rolle er å ha oversikt over kva som skjer på tvers av organisasjonen, og her er erfaringa frå OLA veldig nyttig i å sjå potensiale for samordning og forbetring av prosessar. Eg er ansvarlig for prosessen som fordeler bevilgning til interne forskningsprosjekt på instituttet. Utover dette er mine hovudoppgåver knytt til å bistå forskningsdirektørane i deira daglige arbeid, der eg mellom anna bidreg til å utarbeide rapportar og presentasjonar, samt forskningsadministrasjon (oppfølging av prosjekt og kontrakter, organisere konferansar m.m.).

Hva jobber du med akkurat nå?

Akkurat no arbeidar eg med årsrapportar og evaluering av resultat frå fjorårets interne forskningsprosjekt. I tillegg har eg dei siste månadane jobba mykje med koordinering av offentlige anbud, der instituttet leverer tilbod om tenester til det offentlege.

Hvordan bruker du mastergraden i jobben din?

Eg er nok ein av mange som synes det var litt vanskeleg å selge inn ei samfunnsvitskapeleg grad på jobbintervju fordi mykje av det vi har lært kan føles lite konkret. Då eg begynte å jobbe skjønte eg derimot at eg hadde lært mykje som er svært nyttig i arbeidslivet. Forståelsen som åra på OLA har gitt meg om korleis prosessar i organisasjonar fungerer hjelper meg i arbeidet med å endre interne prosedyrer og prosessar. Jobben består i stor grad av å koordinere folk og møter og å ha oversikt over mange ting på ein gang, og den strukturerte og analytiske tenkemåten eg har opparbeida gjennom studiane kjem godt til nytte her! Eg har også stor nytte av evna til å kunne trekke ut det vesentlege frå ein tekst – dette er til god hjelp for ein samfunnsvitar som jobbar innanfor vannforskning!

Hva er ditt beste tips til studenter som ønsker å bli attraktive på arbeidsmarkedet?

Gjer noko du synes er spennande og som engasjerer deg! Det er vanskeleg å vite akkurat kva ein har lyst å jobbe med, så ikkje ver redd for å prøve nye ting i studietida eller å søke på jobbar utanfor typiske områder for OLA-studentar, slik som HR. Ei av dei store styrkene til OLA er at studiet gir ei brei og allsidig erfaring som kan komme til nytte innanfor mange spennande områder.

Publisert 9. jan. 2017 10:01 - Sist endret 22. des. 2017 12:27