Utveksling og Corona

Kjære studentar!

Går du på kullet som starta hausten 2018? Neste semester (5. semester) ville normalt sett vore det semesteret du eventuelt reiste på utveksling. Gitt situasjonen er det dessverre ikkje mogleg. Psykologisk institutt er opptekne av å gjere det mogleg for deg å reise eitt semester på utvekslig og vi jobbar derfor med ei løysing:

For å kunne reise på utveksling våren 2021 må du skrive di bacheloroppgåve medan du er i utlandet. Dette kan du anten gjere ved 1) å finne et emne som overlappar i innhald og omfang i utlandet eller 2) ta emnet PSY309x ved UiO medan du er i utlandet. Vi jobbar med denne løysinga og vil kome tilbake med meir informasjon om dette seinare.

Tenkjer du på å reise på utveksling våren 2021 oppmodar vi deg til å melde deg opp til EXPHIL03 (https://www.uio.no/studier/emner/hf/ifikk/EXPHIL03/ ) hausten 2020. På denne måten får du eit valfritt emne i studieplanen din i tillegg til bacheloroppgåva PSYC309x våren 2021. Meir om utveksling på bachelorprogrammet i psykologi: https://www.uio.no/studier/program/psykologi/utlandet/

Har du spørsmål om utvekslingsopphald i utlandet? Ta kontakt med SV-info info@sv.uio.no / 22 85 48 46

 

Publisert 8. juni 2020 14:04 - Sist endret 8. juni 2020 14:04